Her er resultatet av spørjeundersøkinga om busituasjonen i Dovre

Det kom inn 885 svar, som utgjer 41% av alle dovringar i aldersgruppa 16 år og eldre. Den høge svarprosenten tyder på at mange er opptekne av bustadspørsmål. Resultatet blir ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i Bustadpolitisk plan og politiske  prioriteringar.

Ei klynge med fuglekasser - Klikk for stort bildeKorleis vil vi bu i framtida? Svein Holen

Tilfredse, men ser det som aktuelt å skifte bustad innan ti år

Svara viser at ni av ti respondentar er tilfredse med busituasjonen sin, men at ein av tre likevel ser det som aktuelt å flytte til annan bustad innan ti år. 

Dei fleste husstandane er små, med berre ein eller to personar. Mange ynskjer å bu i sentrum, med lett tilgang til butikkar, apotek, helsetenester, sosiale møteplassar og aktivitetar. Likevel er personleg økonomi for mange ei stor utfordring for å kunne realisere sal av nåverande bustad i byte mot mindre leilegheit.

Fleire funn frå undersøkinga går fram av rapporten (PDF, 2 MB) og presentasjonen (PDF, 3 MB)