Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde
Pilotprosjekt for unge i Dovre
Med Ungdom og Fritid og Gjensidigestiftelsen på laget skal vi skape ein heilt ny møteplass for og med ungdom i Dovre. Forskarar frå OsloMet skal følgje oss på vegen.
Er du med?
Vi klør i fingrane etter å koma i gang! No treng vi ein prosjektleiar. Vi ser etter deg som brenn for at ungdom skal ha gode tilbod og trygge sosiale arenaar. Som prosjektleiar vil du ha ei nøkkelrolle i det nasjonale pilotprosjektet. Lokalt vil du fungere som eit bindeledd mellom kommunen, fritidsklubben, forskarane frå OsloMet og organisasjonen Ungdom og Fritid. Du vil jobbe tett med ungdomskontakten og andre som jobbar med barn og unge i Dovre.
Stillingstype: 100 % prosjektstilling
Varigheit: Inntil 3 år
Arbeidsstad: Dovre kommune
Sjå stillingsannonsen her, og tips gjerne aktuelle kandidatar!