Prosjektleiar Fritidsklubbløftet

Dovre kommune er éi av tre pilotkommunar i det nasjonale Fritidsklubbløftet. No treng vi ein prosjektleiar!

Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Saman med Ungdom og Fritid og Gjensidigestiftelsen skal vi skape ein heilt ny møtestad for og med ungdom i Dovre. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å utvikle framtidas fritidsklubbar – både lokalt og nasjonalt. Prosjektet skal styrke fritidsklubbane som inkluderande møteplassar for ungdom, og utvikle kunnskap, kvalitet og kompetanse som kan brukast nasjonalt. Vi ser etter deg som brenn for at ungdom skal ha gode tilbod og trygge sosiale arenaar.

Stillingstype: 100 % prosjektstilling
Varigheit: Inntil 3 år
Arbeidsstad: Dovre kommune 
 

Om prosjektet

Nasjonalt skal Fritidsklubbløftet dokumentere verdien av fritidsklubbar, utvikle kunnskap og kvalitetskriterium, og teste tiltak som gjev betre og meir treffsikre tilbod før desse blir rulla ut nasjonalt. Forskarar frå OsloMet er med på laget. Lokalt skal vi etablere ein ny fritidsklubb, heve kompetansen hjå tilsette og andre, og utvikle fritidsklubben til eit ressurssenter i lokalsamfunnet. For meir informasjon om prosjektet, sjå Ungdom og Fritid her og meld deg på nyheitsbrevet her.  
 

Om rolla

Som prosjektleiar vil du ha ei nøkkelrolle i det nasjonale pilotprosjektet. Du har det lokale hovudansvaret for å leie og samordne tiltaka som skal testast, koordinere arbeidet med følgjeforskinga, og fungere som eit sentralt bindeledd mellom kommunen, fritidsklubben, forskarane frå OsloMet og organisasjonen Ungdom og Fritid. Du vil jobbe tett med ungdomskontakten og andre som jobbar med barn og unge i kommunen.
 

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å etablere ny fritidsklubb og sikre gode medverknadsprosessar med barn og unge.
  • Ha ansvar for ungdomsmedverknad for prosjektet i samarbeid med ungdomskontakt.
  • Dokumentere og rapportere erfaringar, resultat og utfordringar til Ungdom og Fritid.
  • Søke driftstilskot til fritidsklubben og kommunen frå Ungdom og Fritid. Sikre korrekt bruk og rapportering i samarbeid med ungdomskontakt m.fl.
  • Leggje til rette for samarbeid med relevante aktørar i lokalsamfunnet, som t.d. lag og foreiningar.
  • Legge til rette for godt samarbeid mellom politisk og administrativ leiing og andre relevante tenester.
  • Arrangere lokale samlingar for ungdom, tilsette og samarbeidspartnarar.
  • Bidra til innhenting av kunnskap og gi løpande status frå fritidsklubben.
  • Samarbeide med forskarteamet. Kartleggje erfaringar frå ungdom og tilsette.
  • Sikre at fritidsklubben jobbar systematisk med kvalitetsløft.
  • Lage ein plan for vidareføring av tiltaka etter endt prosjektperiode i samråd med Ungdom og Fritid.
  • Delta på nasjonale samlingar, kurs og rettleiingsmøte.
     

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning (t.d. innan kultur, ungdomsarbeid, pedagogikk eller prosjektleiing).
  • Erfaring frå arbeid med ungdom, kultur- eller fritidstilbod.

 

Ønska kvalifikasjoner

  • Prosjektleiarerfaring og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid.
  • Kjennskap til ungdomsmiljøet eller lokalmiljøet i Dovre er ein fordel.

    Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

 

Attestar og vitnemål

Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med til eit eventuelt intervju.

 

Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

 

Tilsettingsvilkår

Vi tilbyr deg eit spennande, tverrfagleg og utviklande arbeidsområde, løn etter avtale/tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.


Nærare opplysningar får du ved å kontakte Anne Marte Amble på tlf. 47515829 eller e-post: Anne.Marte.Amble@dovre.kommune.no

For å søkje, bruk vårt elektroniske søknadsskjema som du finn på heimesida vår under elektroniske skjema eller ved å trykkje her.


Søknadsfrist: 18.01.2026
Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om unntak frå dette, jf. offentleglova §25. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand.
 

 

 

Dovre kommune er ei fjellbygd med nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar innanfor kommunegrensa. Her finn du frisk fjelluft, trivelege folk og store naturopplevingar rett utanfor døra. Sjølv om vi ligg høgt til fjells, er vi sentralt plasserte. Herifrå kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim, og med Raumabanen til Åndalsnes. 

Ynskjer du deg eit rikt liv i eit engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt imot deg. Lurer du på kva du kan gjere på fritida? Sjekk aktivitetskalenderen vår!