Kva skjer i Dovre? Bruk Friskus-kalenderen!Lurar du på kva som skjer i Dovre? Er du ute etter ein ny hobby? Eller vil du at fleire skal bli med i koret eller skyttarlaget ditt?I aktivitetskalenderen Friskus finn du arrangement som lag og foreiningar har lagt ut. Kalenderen blir stadig fyldigare!Om du vil legge ut noko er det gratis å etablere ein arrangørkonto. Da dukkar i tillegg arrangementa dine opp på Dovre kommune si heimeside og på infoskjermane rundt i kommunen. Og ikkje minst: Friskus er ein kalender utan reklame, som ikkje krev at du har konto på noko sosialt medium.I Dovre har vi hatt kalenderen i eit drugt år, og vi er glade for å sjå at stadig fleire tek den i bruk! No har også Lom og Vågå fått seg Friskus, så du kan finne tips om kva som skjer i andre kommunar i Norddalen.Her finn du oppskrift på korleis du kan lage ein arrangørkonto. (PDF, 8 MB)Her finn du oppskrift på korleis du lagar eit arrangement. (PDF, 4 MB)Treng du hjelp? Ta kontakt! Canva.com