Hugs høyringsfristen for tiltaksplanane for villreinområda 4. juni
Hugs fristen for å sende høyringsinnspel på forslaget til tiltaksplanar for Knutshø, Snøhetta og Rondane villreinområde til Klima- og miljødepartementet innan 4. juni 2025!

Det er viktig at det kjem innspel frå innbyggarar i Dovre til desse forslaga. Mange har stilt opp på folkemøta som har vore på Oppdal, Lesja og Ringebu dei siste månadane. Det er bra! Fram til 4. juni har du òg moglegheit til å sende inn dine innspel til departementet.
Du kan lesa meir om høyringsrunden og sende dine innspel her.