Hels på Dovre ungdomsråd!Endeleg er det nye ungdomsrådet på plass! Dei vil jobbe for fleire fritidsaktivitetar og møtestader for unge i Dovre. Og mykje meir!Bak frå venstre: Adrian Nicolai Myhren, Oliver Andreas Brenden, Even Rindal Hanslien, Ståle Sætrom. Framme frå venstre: Silje Olava Bakken (ungdomskontakt), Solveig Thoresen Løkken, Agnes Sletta Wigenstad, Nora Mathilde Brenden, Tuva Stokstad Opheim. Anne Marte Amble Saman for ungdomen i DovreDet nye ungdomsrådet er godt i gang med arbeidet for alle barn og unge. Dei har allereie gjeve viktige bidrag inn i den nye samfunnsplanen for Dovre, hatt møte med ordføraren og halde tale på 1. mai. “Vi vil jobbe for at meiningane til ungdom i Dovre skal bli ein naturleg del av politikken og utviklinga i kommunen”, sa leiar Agnes Sletta Wigenstad og Solveig Thoresen Løkken da dei heldt tale frå ungdomsrådet i Minneparken 1. mai. “Det er kanskje lett å tenkje at ungdom ikkje bryr seg om politikk – men det gjer vi. Vi treng berre å bli gitt rom – og vi treng vaksne som trur på oss og som vil lytte.” I samarbeid med den nye ungdomskontakten Silje Olava Bakken har ungdomsrådet mykje dei har lyst til å gjera. Aller fyrst skal dei arrangere sommarfest!
Tale frå Dovre ungdomsråd 1. mai Her er tala som Agnes og Solveig frå Dovre ungdomsråd heldt på årets 1. maimarkering. Publisert 02.06.2025 kl. 11.11
Ny giv for Dovre ungdomsråd Alle kommunar i Noreg skal ha eit ungdomsråd som skal bli høyrd i saker som er relevante for ungdomen, og som sjølv skal kunne løfte saker opp til pol... Publisert 19.02.2025 kl. 13.24
Ungdomen bidreg til samfunnsplanen I arbeidet med den nye samfunnsplanen er det viktig å få inn ungdomen si stemme. 18. februar møtte elevrådet på Dovre ungdomsskule to av politikarane ... Publisert 19.02.2025 kl. 13.11
500 000 kr til eit krafttak for ungdomen i Dovre Dovre kommune har fått 500.000 kr frå Innlandet fylkeskommune til å skape ein møtestad for barn og ungdom, pilotere nyskapande aktivitetstransport og ... Publisert 27.11.2024 kl. 14.38