Dovre tettstad - Invitasjon til presentasjon av oppgåver utarbeidd av Planbussen ved NTNU

Arkitektstudentar ved NTNU og masteremnet Planbussen kjem på nytt til Dovre, denne gongen for å presentere dei ferdige oppgåvene i kurset.

Dovre kommune håper mange har lyst og moglegheit til å komme til presentasjonen på Toftemo turiststasjon den 31.mai, kl. 18.00- ca. 20.00, for å høyre om spenstige framtidsskisser for Dovre tettstad. Det blir servert kaffe og kringle.

 

Dovre kommune og NTNU har i samband med prosjektet Dovre tettstad, ei forpliktande avtale omkring masteremnet "Planbussen" ved Institutt for arkitektur og planlegging. Studentane har knytt arbeida sine til problemstillingar definert i tettstadsprosjektet, men har stått fritt i val av oppgåver og oppgåveavgrensing. Informasjon om Planbussen: https://sites.google.com/view/planbussen/hjem

 

Agenda for kvelden:

  • Velkommen
  • Presentasjon av oppgåvene
  • Diskusjonar og høve til å sjå vidare på oppgåvene

 

Språk; engelsk. Kursleiar kan omsetje mellom engelsk og norsk ved behov.

 

Dovre kommune håper at mange tek turen til Toftemo denne kvelden.

Velkommen!