No blir det straks bygging i Dovre sentrum

Dovre kommune skal straks i gang med realisering av prosjektet Dovre tettstad. Lesja bulldozerlag AS, som har fått oppdraget med bygging, vil vera synlege i sentrum frå 4.august. 

Prosjektet har gått føre seg sidan våren 2022 og etter ein grundig og omfattande planleggings- og medverkingsprosess, blei prosjekteringa avslutta i mai 2025. Kommunen lyste deretter ut konkurranse om bygging/utføring og Lesja bulldozerlag leverte det mest gunstige tilbodet. Kontrakt er skreve med dei og oppstart for byggeperioda skal vera den 4.august. 
 

Det aller meste av arbeidet skal gå føre seg denne hausten og maskinar og mannskap frå entreprenøren vil vera godt synlege i sentrumsområda. I byggeperioda vil det vera særleg fokus på sikkerheit og gjennomføring blir planlagd, slik at det blir minst mogleg ulemper for innbyggarar, tilreisande og næringslivet. Det blir sett opp sikringsgjerde rundt byggeplass. Enkelte områder vil da vera avstengde i periodar. Vi ber om forståing for dette og at ein viser ekstra merksemd og smidigheit i sentrum i byggeperioda. 
 

Det vil i fyrste rekke bli graving og anleggsarbeid vest for Coop Prix og nord for samfunnshuset (område F). Entreprenørane skal også raskt i gang med tiltak langs den kommunale vegen mellom Kongsvegen og Jøndalsvegen, inkludert i kulverten under E6 (område A) og over den gamle skulegarden (område B). Fyrst til våren 2026 går ein i gang med oppgradering av området vest for kyrkja (område I)
 Vedlagt er planteikning som viser dei aktuelle områda.
 B001 Oversiktsplan.pdf (PDF, 4 MB)

Kommunen vil med jamne mellomrom og ved behov orientere meir inngåande om byggeperioda på denne heimesida. Kommunen har direkte kontakt med ei rekke partar i saken. 

Ved spørsmål ta kontakt med prosjektleiarane for kommunen: 
Kari Bentdal, kommuneplanleggar, mobil 912 47 518 
Torstein E Wigenstad, driftssjef, mobil  957 92 089