Nasjonalparkvegen over Dovrefjell - Tur- og sykkelveg Dombås – Hjerkinn 34 km

Klikk for stort bildeUnge syklister på DovrefjellSykle eller gå mellom overnattingsbedriftene på Dovrefjell! «Nasjonalparkvegen over Dovrefjell» tek deg frå Dombås til Hjerkinn - ei strekning på 34 km. Her kan du sykle eller gå på god grusveg nestan utan biltrafikk.

Berit Fiksdahl:

Sykle mellom nasjonalparkane over Dovrefjell

Omkransa av nasjonalparkar kan du sykle eller gå over Dovrefjell. Her får du oppleve historie, kultur og rik natur i ditt eige tempo.

 

Ein tur- og sykkelveg på god grusveg nestan utan biltrafikk

Nasjonalparkvegen er ei n samanhengande tur- og sykkelveg med god grusvegstandard. Fleire eksisterande vegbitar er bunde saman med nybygd veg. Store delar av vegen er utan biltrafikk. På nokre strekningar følgjer vegen setervegar med svært begrensa biltrafikk. Over fjellet mellom Hjerkinn og Hjelle Seter er vegen lite kupert og lett å sykle og gå. Ein tyngre strekning å sykle er mellom Dombås og Hjelle Seter der vegen stig frå 640 moh til ca. 930 moh. 

Vegen har universell tilrettelegging og er tilpassa bruk av rullestol, barnevogn og sykkeltilhengar.

 

Avstandar:

Dombås – Hjerkinn  - 34 km

Dombås – Hjelle Seter – 5 km

Hjelle Seter – Fokstugu Fjellstue – 5 km

Fokstugu Fjellstue – Furuhaugli turisthytte – 6 km

Furuhaugli turisthytte – Dovregubbens Hall – 6 km

Dovregubbens Hall – Hageseter turisthytte – 7 km

Hageseter turisthytte – Hjerkinn – 5 km

 

Høgaste punkt på ruta – Hjerkinn stasjon ca. 1000 moh.

Lågaste punkt på ruta – Dombås ca. 640 moh.

 

Gradering:

Sykkel

  • Dombås  - Hjelle Seter –  middels.
  • Hjelle Seter – Hjerkinn – enkel.  

Vandring  

  • Dombås – Hjerkinn – enkel.  

 

Vegen går gjennom eit historisk landskap.

Vegen går gjennom eit landskap der det har ferdast folk i mange tusen år. Jegerar og fangstmenn har nytta området til villreinfangst sidan innlandsisen trekte seg attende for meir enn 10000 år sidan. Gjennom arkeologiske funn er det funne spor etter folk som syner at området har vore nytta gjennom fleire tusen år både til jakt og fangst og ferdsel over fjellet.

 

Kongevegen er vegen som vart nytta då danskekongane reiste på sine kroningsferder til Nidaros med hest og vogn. Den fyrste kongeferda var i 1685 då den dansk-norske kongen Christian V vart krona. På mange strekningar følgjer den gamle kongevegen eldre vegfar - vegfar som vart nytta til fots og med ridehest, kanskje av  pilegrimar. Nasjonalparkvegen følgjer eit gamalt vegfar som truleg både vart brukt til kongeveg og til eldre ferdsel kanskje så langt attende som til meiddelalderen. Dette er på ei ca. 3 km lang strekning sør for Gautåsetervegen. Her er sykkelvegen lagt oppå den gamle vegen og det er lagt håndmurte stikkrenner av stein, ikkje plaststikkrenner som på resten av vegen.

 

Møt moskus langs tur- og sykkelvegen!

I juni trekkjer moskusen frå vinterlege snaufjell ned til frodig beite i bjørkeskogen. På denne tida kan du treffe på moskus langs vegen på strekninga Sandåseter – Storsandvikseter. Moskusen er for det meste eit fredeleg dyr, men han flyktar ikkje frå farene, han angrip, og det veldig raskt! Ein moskus kan springe opp mot 60 km/t! Hald deg derfor minst 200 m frå moskusen. Dersom du kjem overraskande på ein moskus på tur- og sykkelvegen, bør du anten snu og gå rolig same vegen som du kom eller gå rundt moskusen på sikker avstand!