Tilskot til musikk, dans og annan kulturaktivitetSøknadsfrist 1. aprilOppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet vedtok 16. mars 2026 nye retningsliner for frivillige lag og foreiningar innan musikk, dans og annan kulturaktivitet som held til i Dovre. Målet har vore å etablere ei tilskotsordning som er enkel å forstå og forvalte, rettferdig og transparent, og der dokumentasjonskravet står i betre samsvar med størrelsen på potten. I 2026 er denne på 100.000 kr. Sjekk om de oppfyller kravaTilskota baserer seg på talet på medlemmar i Dovre kommune. 1. FormålTilskotsordninga skal støtte frivillige lag og foreiningar innan musikk, dans og annan kulturaktivitet i Dovre kommune. Midlane skal bidra til stabil drift, rekruttering og inkludering, og vere retta mot aktivitet som er open og tilgjengeleg for innbyggjarane.Ordninga er ei drifts- og medlemsstøtteordning. Prosjekt, kurs, større enkeltarrangement og investeringar blir ikkje støtta i denne ordninga. 2. Kven kan søke?Ordninga gjeld frivillige lag og foreiningar innan musikk, dans og annan kulturaktivitet som er heimehøyrande i Dovre kommune og registrerte i Brønnøysundregisteret. Tilskotet blir berre gitt til hovudlaget, ikkje til undergrupper i same organisasjon.3. Datagrunnlag og dokumentasjonFor å redusere rapporteringsbyrda skal laga ikkje sende inn årsmelding, rekneskap eller medlemslister rutinemessig. Kommunen kan be om tilleggsdokumentasjon ved stikkprøve.Søkaren skal oppgje medlemstala slik:Medlemstal per 31.12 føregåande årBerre aktive medlemmar busette i Dovre skal telje.4. FordelingsmodellSteg 1 – GrunnbeløpGrunnbeløpet blir fastsett av administrasjonen kvart år etter søknadsfristen, basert på talet på søkjarar og disponibel pott. Grunnbeløpet skal ligge mellom 3 000 og 6 000 kroner per lag og normalt ikkje overstige 70 prosent av den totale potten.Steg 2 – Medlemsbasert fordelingResterande midlar blir fordelte etter medlemstal, med aldersvekting der 0–19 år = 2 poeng og 20+ år = 1 poeng. Maksimalt tilskot per lag er 20 000 kroner.Steg 3 – OppdragsbonusLag som gjev faste kulturtenester for kommunen, som musikalske innslag på 17. mai eller andre kommunale merkedagar, kan få eit moderat årleg oppdragstillegg (2 000–4 000 kroner). Dette kjem i tillegg til utrekna driftstilskot og påverkar ikkje den generelle fordelingsmodellen.5. Prosess og fristarAktivitetTidspunktSøknadsfrist1. maiAdministrasjonen gjennomfører kontroll/stikkprøver ved behovMai–juniAdministrasjonen førebur fordelingsforslagMai–juniPolitisk behandling (OKO)Fyrste møte etter søknadsfristenUtbetalingEtter vedtak i OKORetningslinene gjeld frå og med tilskotsåret 2026, og skal evaluerast etter det fyrste året.Vedteke 16. mars 2026Sakspapira frå møtet i Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet 16. mars 2026 Slik søker du Søknadsfrist: 1. april Sist endret 20.03.2026 14.55