Testing

Du treng ikkje lenger teste deg, men kommunen har fortsatt eit testtilbod til dei som treng det.

Skal eg teste meg?
Det er opp til kvar enkelt å avgjera om du vil teste deg eller ikkje. Det generelle rådet om å teste seg ved symptom, vart oppheva 5. april 2022.

Treng du sjølvtest?
Det er fortsatt tilgjengeleg sjølvtestestar for dei som likevel ynskjer å teste seg.  

Negativ sjølvtest?
Du bør vera heime så lenge du føler deg sjuk.

Positiv sjølvtest?
Du bør vera heime så lenge du føler deg sjuk. Les meir om smitte og isolasjon.

Skal eg ta ein bekreftande PCR-test?
Det er opp til kvar enkelt å avgjera om du vil teste deg eller ikkje, men nokre kan fortsatt ha nytte av ein PCR-test:

1. Testing etter medisinskfagleg vurdering
Personar som treng helsehjelp der ein PCR-analyse har betydning for diagnostikk og behandling, er fortsatt anbefalt å ta ein bekreftande PCR-test. Kontakt legekontoret / din behandlande lege for å vurdere behovet.

2. Testing til koronasertifikat
Treng du å få den positive testen registrert i koronasertifikatet ditt, må du ta ein bekreftande PCR-test. Dette gjeld både barn og vaksne.
- Alle over 18 år som har to eller færre vaksinedoser, vil ha nytte av ein bekreftande test til koronasertifikat. 
- Alle under 18 år som har ei eller færre vaksinedoser, vil ha nytte av ein bekreftande test til koronasertifikat. 

Koronasertifikat er ikkje i bruk i Norge, men ein del land bruker det fortsatt. Nokre land har strengare innreiserestriksjonar enn Norge, og reglane kan vera ulike frå land til land. Aldersgrensa for grensepassering utan dokumentasjon kan også variere. Det er den som reiser sitt ansvar å sette seg inn i reglane for det landet du skal reise til. Det er opp til foreldre/føresette å vurdere om ditt barn har behov for ein bekreftande PCR-test, eller ikkje. 


For testing eller spørsmål, ring Dovre legekontor på 61 24 22 00.
Måndag til torsdag 08.30-11.00 og 13.00-14.30.
Fredag 09.00-11.00 og 13.00-14.30.
Det er ikkje lokalt eller regionalt tilbod om testing på helg eller heilagdag.