Koronasertifikat

Koronasertifikatet er dokumentasjon som viser om du er vaksinert med koronavaksine, om du nyleg har gjennomgått koronasjukdom eller om du har ein nyleg negativ koronatest. Skal du reise utanlands, må du sette deg inn i reglane for bruk av koronasertifikat.

Sjekk koronasertifikatet ditt hos helsenorge.no 

 

Reiser innanlands
Koronasertifikatet har to kontrollsider. Den eine er for innanlands bruk i Norge. Sjølv om det eksisterer ei slik kontrollside for reiser innanlands, er det ingen som krev denne dokumentasjonen i Norge, pr. nå. Skal du reise innanlands i Norge, treng du altså ikkje tenkje på koronasertifikatet ditt.

Reiser utanlands
Den andre kontrollsida i koronasertifikatet er for reiser utanlands. Skal du reise utanfor Norge, må du sette deg inn i reglane for det landet du skal besøke. Det er den som skal reise sitt ansvar å sette seg inn i og følge reglane. Fleire land har fortsatt innreiserestriksjonar og/eller innanlands bruk av koronasertifikat. 

For å finne informasjon om ditt reisemål, kan du for eksempel bruke UD sin app Reiseklar eller appen Reopen EU.

Barn
Koronasertifikatet fungerer på same måten for barn som for vaksne. Foreldre/føresette til barn under 16 år finn barnet sitt koronasertifikat ved å logge seg inn på Helsenorge. Barn over 16 år må sjølve hente ut koronasertifikatet sitt på Helsenorge. Hugs at innreisereglar for barn og aldersgrense for grensepassering utan dokumentasjon, kan variere frå land til land. Sjekk alltid kva som gjeld for ditt barn før du reiser.


Du finn meir detaljert informasjon om koronasertifikatet hos Helsenorge og hos Folkehelseinstituttet.

Les også: 
Vanlege problemstillingar om koronasertifikat.
Koronasertifikat for ikkje-digitale brukarar.