500 000 kr til eit krafttak for ungdomen i DovreDovre kommune har fått 500.000 kr frå Innlandet fylkeskommune til å skape ein møtestad for barn og ungdom, pilotere nyskapande aktivitetstransport og tilsetja ein prosjektleiar for ungdomssatsinga. Canva.com I sitt høyringsinnspel om vidaregåande skulestruktur tidlegare i haust sa eit samla kommunestyre at det var behov for eit krafttak for ungdomen i Dovre. Når den vidaregåande skulen på Dombås no er lagt ned, er det viktigare enn nokon gong å gje ungdomen i Dovre ei positiv fritid, auka livskvalitet og djupare røter. Kommunestyret sette av midlar til ei slik ungdomssatsing i økonomiplanen for 2025. Kommuneadministrasjonen følgde opp dette signalet frå politikarane og søkte om 500.000 kr frå Innlandet fylkeskommune si utlysing “Lokal samfunnsutvikling i distriktskommunar”. Vi er nøgde med å ha fått full pott! Du kan lesa meir i denne saka i Vigga. Søknaden skisserer ei ungdomssatsing som kjem i tillegg til alt det gode arbeidet som allereie blir lagt ned av lag og foreiningar i Dovre for å gje ungdomen vår ei rik og aktiv fritid. Her er det teke utgangspunkt i attendemeldingane frå unge i Dovre dei siste åra, der mange m.a. har ytra ynskje om ein eigen møteplass og eit betre transporttilbod. I tida framover blir det viktig å forme denne satsinga i lag med ungdomen. Følg med vidare!