Velkomne, alle førsteklassingar!

Måndag 19. august var ein stor dag for dei til saman 16 førsteklassingane i Dovre kommune.

4 av ungane er elevar ved Dovre skule, 12 ved Dombås skole. Ein stor dag for 1.klassingane sjølve, men også for foreldre og for tilsette i skolen som alle er spente på kor godt barnet vil trivast på skolen.

Heldigvis har barnehagane og barneskolane i Dovre utarbeidd ein god praksis for overgangen frå barnehage til skole: Det siste året i barnehagen har dei komande 1.klassingane vore på besøk på skolen og gjort seg kjent med faddarane og lærarane sine der. Og faddarane og lærarane har vore på besøk i barnehagen. Slik er grunnlaget lagt for at det skal kjennast mest mogleg trygt å ta steget over frå barnehagebarn til skolebarn.

"Ein merkedag , velkomne alle 16 som 1.klassingar i Dovre kommune", helser oppvekstsjef Greta Talleraas og alle tilsette i Dovre-skulane..