Utlysing: Støtte til arrangement i Dovre hausten 2025Har du planar om eit arrangement som vil skape aktivitet og utvikling i Dovre i haust? Vi lyser ut arrangementsstøtte for hausten 2025. I budsjettet for 2025 sette kommunestyret av 150.000 kr i friske midlar til dette. 107.500 kr av desse vart delte ut i fyrste tildelingsrunde i vår. No lyser vi ut dei resterande 42.500 kr for aktivitetar i haust. Du kan lesa meir om retningsliner og tildelingskriterium nedanfor. Send søknaden din til postmottak@dovre.kommune.no innan 31. august, merka "Arrangementsstøtte"! Canva.com TildelingskriteriumAktiviteten skal ha privat eller frivillig eigarskap.Aktiviteten skal som hovudregel skje i søknadsåret.Aktiviteten må skje i Dovre.Aktiviteten skal gje positive økonomiske ringverknader for næringslivet og/eller frivillig sektor i Dovre.Årvisse aktivitetar med underskot over fleire år må syne til nødvendig omstilling/utvikling for å bli prioritert.Arrangøren skal legge fram eit budsjett med minimum 50 % eigeninnsats i form av billettinntekter, salsinntekter, eigenkapital og/eller arbeidsinnsats.Aktiviteten skal vera eigd av ein registrert organisasjon (registrert i foretaksregister eller frivilligheitsregister). Som hovudregel skal forretningsadresse vera i Dovre.Kostnader til fysiske investeringar kan ikkje vera ein del av søknadsgrunnlaget.Aktiviteten bør ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensial.Aktivitetar som fremmer samarbeid mellom fleire bedrifter/lag/foreiningar blir prioritert.Arrangøren skal annonsere aktiviteten i Dovre kommune sin aktivitetskalender, Friskus (dovre.friskus.com).Støtta blir utbetalt etter at aktiviteten er gjennomført og administrasjonen har motteke rapport.To utlysingar i åretTotalbeløpet for 2025 er på 150 000 kr, men for å sikre god spreiing på aktivitetar gjennom året, lysast midlane ut i to, halvårlege utlysingar. I vårhalvåret har arrangementsstøtta søknadsfrist i løpet av fyrste halvdel av mars. I hausthalvåret i løpet august.Regionale tilskotDei som søker om kommunal støtte til arrangement, skal som hovudregel fyrst ha søkt støtte frå den regionale ordninga hjå Interkommunalt politisk råd med støtte til kultur- og naturbaserte arrangement (søknadsfrist 1. februar). Søkjarar som ikkje lukkast med å få støtte regionalt, blir oppfordra til å søke den kommunale utlysinga. Søkjarar som får støtte frå den regionale utlysinga, blir ikkje prioriterte øvst i den kommunale utlysinga. Unntak er arrangement som blir vurdert å ha spesielt positive ringverknader for lokalsamfunnet. Saksbehandling og utbetalingAlle søknadar blir vurdert i ein, felles saksbehandlingsrunde på våren og ein runde på hausten. Kommuneadministrasjonen legg fram forslag til fordeling for Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet, som avgjer kva søknadar som skal få tilslag. Utbetaling skjer når aktiviteten er gjennomført og administrasjonen har motteke rapport.Retningsliner og tildelingskriterium vart vedteke av Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet (OKO) 3. februar 2025. Ordninga skal evaluerast på fyrste OKO-møte i 2026.