UKM Norddalen 2025

UKM står for Ung Kultur Møtes, og 7.-9. mars møtes vi til regionmønstring på Otta kulturhus!

Der vil ein kunne bevitne fleire heidundrande show fylt med song, dans, kunst og andre uttrykk, arrangert av kommunene i Norddalen. Det vil vere ei juniormønstring for dei mellom 10 og 12 år, og seniormønstringar for dei mellom 13 og 20 år. 

Etter regionmønstringa vil det bli plukka ut nokre heldige som får sjansen til å delta på fylkesfestivalen som også skal arrangerast på Otta, den 25.-27. april. Frå fylkesfestivalen er det eit knippe ungdommar som går vidare til landsfestivalen i Trondheim 21.-24. juni. 

 

Sondre Haadem på UKM i 2024. GD

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kven er UKM for?

Alle born og unge mellom 10 og 20 år kan delta på UKM med nesten kva du vil! Kunst, musikk, dans, song, teater, ung arrangør, konferansier, scenearbeid, lyd og lys, sirkus, triksing, gaming, med meir. Kontakt oss om du har ein kul idé utanom det vanlege, så fiksar vi det meste. 

Kvifor UKM?

UKM er ein sjanse til å vise kven du er, kva du kan, og å bli kjent med andre. Noko av det beste med å gjere det du liker er å finne andre som liker det same. 

Korleis melder eg meg på?

Trykk HER! (Obs! Påmeldingsfrist 10. februar). 

Og forresten! UKM er heilt gratis å delta på. 

 

Legg oss til på sosiale medium!

Snapchat, Instagram og TikTok: ukmnorddalen

Facebook: UKM Nord-Gudbrandsdalen

Sjå også UKM.no for meir info. 

 

For spørsmål kan du ta kontakt med Dovre sin UKM-kontakt, Martine Haugen, på martine.haugen@dovre.kommune.no.