Trygg skuleveg

No som sommaren er på hell deler vi tips frå Trygg Trafikk om korleis vi kan øve på skulevegen med ungane før skulestart. 

Før skulestart er det lurt å øve på skulevegen Canva.com

Gjer deg og barnet ditt klar til skulestart!

For å gjera skulevegen tryggare og redusere trafikken rundt skulane oppfordrar Trygg Trafikk, Statens vegvesen og Innlandet fylkeskommune til mindre foreldrekøyring. 

At mange køyrer ungane sine heilt fram til skulen skapar ein trafikksituasjon med mange bilar rundt skulebygga ved levering og henting. Derfor er det veldig bra viss foreldre og føresette let ungane sykle eller gå sjølv når det er mogleg. Eller kanskje du kan setja av barnet ditt eit lite stykke unna skulen? 

Tek du utfordringa?  Bruk gjerne slutten av sommarferien på å øve med barnet på å gå skulevegen, eller finne ein trygg stad å setja av barnet ditt så det kan gå siste delen sjølv.  Lykke til!

Trygg Trafikk sine tips

1. Gå skulevegen utan barnet i fyrste omgang og kartlegg stader som kan vera kompliserte eller by på moglege farar.

2. Ta dykk god tid og gå fleire turar ilag.

3. Prat om det som skjer langs vegen og dei farane som kan oppstå.

4. La barnet ta meir og meir styring etter kvart.

5. Ha det hyggeleg saman!