Stillingssleppet

For tredje år på rad blir Stillingsleppet i Nord-Gudbrandsdal gjennomført. 

Stillingssleppet er eit samla slepp av ledige stillingar i regionen. Målet med sleppet er tredelt:

  • Synleggjere mangfoldet av stillingar i regionen.

  • Bidra til at det regionale næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar, både regionalt og nasjonalt, slik at dei får ein større søkarmengde.

  • Tilrettelegge for at par eller familiar som ønsker seg til regionen finn jobb begge to.

I 2017 var det over 100 ledige stillingar i Stillingsleppet, og vi håpar på like mange i år.

Vi oppfordrar alle bedrifter og kommunale verksemder som har ledige stillingar eller veit at dei snart skal lyse ut stillingar, til å registrere dei på Stillingssleppet. Gjennom sleppet vil dei få auka oppmerksomheit, i tillegg til at dei bidrar i eit viktig prosjekt for arbeidslivet og sysselsettinga i regionen.

Det er allereie ope for registrering av stillingar nå, og det er håp om at så mange som mogleg av både private bedrifter og kommunale verksemder registrerer ledige stillingar her. På https://www.komtiloss.no/arbeid/ står det litt om Stillingssleppet. På https://stilling.komtiloss.no/ kan verksemdene registrere stillinga(-ne) sin(-e).

 

Dato for stillingssleppet: Tysdag 11. desember

Siste frist for å registrere stillinger: Tysdag 27. november