Spørjeundersøking om bustadpolitikk

Korleis opplever du busituasjonen din nå? Korleis ser du for deg å bu i framtida? Det vil vi høyre meir om! 

Ei klynge med fuglekasser - Klikk for stort bildeKorleis vil vi bu i framtida? Svein Holen

Ta undersøkinga her

Vi håpar du tek deg tid til å svare på spørsmåla, for desse vil gje oss viktig informasjon i arbeidet vårt med Dovre sin nye bustadpolitiske plan.

Svar på undersøkinga her

Fredag 26. september skal alle over 16 med adresse i Dovre òg ha fått ein sms frå Dovre kommune med lenke til spørjeundersøkinga. Vi håpar du tek deg tid til å svare på spørsmåla, for desse vil gje oss viktig informasjon i arbeidet vårt med Dovre sin nye bustadpolitiske plan.

Vi kjem òg til å legge ut lenke til undersøkinga på Facebook, i Friskus og på infoskjermane våre. 

I papirformat

Du får òg skjema i papirformat på Dovre Frivilligsentral, Dovre folkebibliotek eller kommunehuset Båtsto. 

Bustadpolitikken i framtidas Dovre

Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2036 inneheld viktige målsettingar i bustadpolitikken: 

  • Dovre kommune skal legge til rette for framtidsretta bustader for unge og eldre i tettstadane, både til leige og eige.  
  • Kommunen vil etablere sentrumsnære bufellesskap og legge til rette for at eldre kan bu trygt heime så lenge som mogleg.

 

Bustadpolitisk plan

Administrasjonen arbeider med fleire konkrete prosjekt for å nå desse målsettingane, og den politiske forankringa og prioriteringane vil kome i samband med Bustadpolitisk plan og Økonomiplanen.

Vi vil høyre frå deg

Som del av kunnskapsgrunnlaget for den bustadpolitiske planen vil Dovre kommune gjennomføre ei spørjeundersøking blant innbyggjarane. Denne vil gje oss viktig informasjon, så vi håpar mange vil svare. 

Svarfrist er 12. oktober 

Spørsmål? 

Kontakt Svein Holen: svein.holen@dovre.kommune.no