Søknadsfristar - Landbruk

Søknadsfrist SMIL-midlar

I både Lesja og Dovre er det ledige SMIL-midlar som skal delast ut. SMIL-midlar kan gå til tiltak som skal ta i vare miljø- og kulturlandskapsverdiar i jordbruket. Dette kan typisk dreie seg om restaurering av gamle bygningar, rydding av beite og tiltak for redusert erosjon og avrenning frå jordbruket. Det er krav om at tiltaket skal skje på ein landbrukseigedom, men det er ikkje lenger krav om at søkaren skal vere berettiga produksjonstilskot.

Søknadsfrist 05.11.2017

Søknadsfrist tilskot til drenering av jordbruksjord

I både Dovre og Lesja er det mogleg å søkje om tilskot til drenering av jordbruksjord. Dette kan dreie seg om graving av grøfter og profilering. I Dovre finnst det rikeleg med ledige midlar, medan potten er brukt opp i Lesja. For Lesja er det mogleg å søkje, og kommunen vil tildele midlar så langt det er mogleg å få ekstrabevilgningar frå Fylkesmannen. Søknadar som ikkje kan innvilgast på årets ramme vil bli behandla i 2018.

Søknadsfrist 05.11.2017
 

Søknadsfrist kommunalt tilskot til landbruksformål

Lesja kommune har  midlar til kommunalt tilskot til landbruksformål. Formåla med ordninga er tilskot til nydyrking, nyetablering i husdyrhaldet, nye husdyrbrukarar og andre landbruksrelaterte tiltak. Det er ikkje standard søknadsskjema knytt til ordninga. Tilskot til nydyrking  blir utbetalt utan søknad etter oppmåling og godkjenning av nydyrkingsfelt.

Her finn du retningslinene for det kommunale landbrukstilskottet  (PDF, 16 kB)

Søknadsfrist er 05.11.2017.