Skoleprosessen i Dovre og SFO

Framtidig kvalitet og skolestruktur i kommunen står att å avgjera i kommunestyret. Prosessen rundt saka så langt har (heldigvis) vore prega av stort engasjement og mange innspel, bl. a. i form av høyringssvar. Nokre av innspela dreier seg om SFO-tilbudet og ikkje minst skyssen til og frå SFO. Høyringsdokumentet opnar for å finne fram til gode løysingar på nye utfordringar. Administrasjonen sitt framlegg til løysing på tilbud og skyssproblematikk ved eventuelt samanslåtte skolar, er denne:

A)    Ein felles SFO ved den felles skolen.
B)    Kommunen tilbyr gratis SFO-skyss frå og til bestemte stoppestader i tilknytning til E6 til dei som i fall skolesamanslåing får lengre veg til SFO enn det dei har i dag.

Framlegg til stoppestader:
1.    Skolestad Dovre: Stoppestader Dombås sentrum og Dovre skule.
2.    Skolestad Dombås: Stoppestader Skogvang, Dovre sentrum og Dombås skole.
Etter avtale og ved behov er det tenkt at barna dessutan kan benytte skolebussen.

Gratis SFO-skyss blir finansiert av den effektiviseringsgevinsten ein ev. felles SFO gir. Denne gevinsten er ikkje lagt inn og endrar difor ikkje dei økonomiske berekningane gitt i høyringsdokumentet.

Men igjen – vi veit ikkje enda om det blir skolesamanslåing eller om skolestrukturen blir verande som i dag. 

Dovre 26.08.2019
Greta Talleraas
oppvekstsjef