Regionale tilskuddsmidler til kultur- og naturbasert næringsutvikling 2022

 Midlene utlyses av Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal, og med søknadsfrist 1. februar 2022

NB: Søknad sendes direkte til Regionkontoret

Trenger du veiledning, kontakt gjerne steinar.tolf.jacobsen@dovre.kommune.no /tlf. 97077039

Retningslinjer for støtte til natur- og kulturbasert næringsutvikling – tildeling 2022

Interkommunalt politisk råd (IPR) for Nord-Gudbrandsdal definerer kultur- og naturbasert næringsutvikling som ein aktivitet med kommersielt fokus som bygger på regionens natur- og kulturrikdom. IPR ønsker at aktivitetane kan bidra til ei utvikling og modernisering av regionens opplevelsesnæringar og at dei skal gje økonomiske ringvirkningar. Eksempel på økonomiske ringvirkningar kan vera overnatting, servering, transport, varehandel, honorar til frivillig sektor m.m. IPR vil bruke ein brei definisjon av kva slags tiltak og arrangement som vert definert innanfor "natur- og kulturbasert næringsutvikling". Det er ønskjeleg at tiltaka blir arrangert over heile året, slik at dei får størst utbytte av felles kompetanse, utstyr og ikkje konkurrerer om frivillige eller publikum. Dei som fekk tildelt midlar i 2021 og som har fått innvilga å utsette bruken av desse til 2022, kan ikkje søke til det same tiltaket i år.

Retningslinjer:

1. Aktiviteten skal ha privat eller frivillig eigarskap.

2. Aktiviteten skal ha kommersielt fokus som gje økonomisk effekt for bedrifter og/eller frivillig sektor.

3. Årvisse aktivitetar med underskot over fleire år må vise til nødvendig omstilling/utvikling for å bli prioritert.

4. Arrangør skal leggje fram eit budsjett med minimum 50 % egeninnsats i form av billettinntekter, salsinntekter, egenkapital og/eller arbeidsinnsats.

5. Aktiviteten skal eigast av ein registrert organisasjon. (registrert i foretaksregister eller frivillighetsregister) Som hovudregel skal forretningsadresse vera i NordGudbrandsdal.

6. Kostnader til fysiske investeringar kan ikkje vera ein del av søknadsgrunnlaget.

7. Aktiviteten skal gjennomførast i Nord-Gudbrandsdal.

8. Aktiviteten bør ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensial.

9. Aktiviteter som fremjer samarbeid blir prioritert.