Regional støtte til kultur- og naturbasert næringsutvikling i 2024

Det er mogleg å søke Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal om støtte til aktivitetar i Nord-Gudbrandsdal innan kultur- og naturbasert næringsutvikling i 2024. Søknadsfrist 1.februar 2024.

Interkommunalt politisk råd (IPR) for Nord-Gudbrandsdal definerer kultur- og naturbasert næringsutvikling som ein aktivitet med kommersielt fokus som byggjer på regionen sin natur- og kulturrikdom. 

IPR ønsker at aktivitetane kan bidra til ei utvikling og modernisering av næringar innan opplevingar i regionen, og at dei skal gje økonomiske ringverknader. Eksempel på økonomiske ringverknader kan vere overnatting, servering, transport, varehandel, honorar til frivillig sektor m.m.

Søknadsfrist:  1. februar 2024

Søknaden skal sendast til: e-post@regionkontoret.no

Har du spørsmål kan du kontakte Kristin Haave, tlf. 48 19 70 32 eller på epost kristin.haave@regionkontoret.no 

Ønsker du å diskutere prosjektet ditt før søknad sendes, ta kontakt med steinar.tolf.jacobsen@dovre.kommune.no / tlf. 97077039

Søknaden må innehalde:

  • Navn på aktivitet/arrangement
  • Navn på arrangør
  • Org.nr arrangør
  • postadresse arrangør
  • Kontaktperson
  • Epostadresse arrangør/kontaktperson
  • Mob.telefon arrangør/kontaktperson
  • Kontonummer arrangør
  • Beskrivelse av aktiviteten, med tidspunkt m.m.
  • Økonomi - budsjett (inntekter, utgifter, egenkapital, egeninnsats)
  • Søknadsbeløp
  • Dato og underskrift   
  •                                                                                                    Løyvingar skal tildelast etter desse retningslinene:
  1. Aktiviteten skal ha privat eller frivillig eigarskap.
  2. Aktiviteten skal ha kommersielt fokus som gjev økonomisk effekt for bedrifter og/eller frivillig sektor.
  3. Årvisse aktivitetar med underskot over fleire år må vise til nødvendig omstilling/utvikling for å bli prioritert.
  4. Arrangør skal leggje fram eit budsjett med minimum 50 % eigeninnsats i form av billettinntekter, salsinntekter, eigenkapital og/eller arbeidsinnsats.
  5. Aktiviteten skal eigast av ein registrert organisasjon (registrert i foretaksregister eller frivilligheitsregister). Som hovudregel skal forretningsadresse vera i Nord-Gudbrandsdal.
  6. Kostnader til fysiske investeringar kan ikkje vera ein del av søknadsgrunnlaget
  7. Aktiviteten skal gjennomførast i Nord-Gudbrandsdal.
  8. Aktiviteten bør ha eit langsiktig perspektiv med utviklingspotensial.
  9. Aktivitetar som fremjar samarbeid blir prioritert.