Godt møte med hørsellaget. F.v. Anne Marte Amble, Bjarne Farstad, Gudmund Eggen, Torstein Einbu Wigenstad, Gunn Sverdrup og Inger Johanne Torstad.
Anne Marte Amble
Lokale for alle
Da Hørselsforbundet Lesja og Dovre sendte brev til kommunen tidlegare i haust, stilte dei spørsmål om korleis kommunen sine publikumsretta lokale er lagt til rette for personar med nedsett hørsel.
Dei peikte på at det ofte anten manglar teleslynge, eller at desse ikkje fungerer. Dette fører til at personar med nedsett hørsel opplever at dei ikkje kan vera like aktive samfunnsborgarar som andre.
Kva er ei teleslynge?
Ei teleslynge er ein kabel som blir lagt rundt eit område, t.d. eit møterom. Denne fungerer som ein forsterkar som for personar med høyreapparat eller cochleaimplantat. Ved hjelp av magnetiske signal sender teleslynga ein klar og direkte lyd inn i høyreapparatet.
Nyttig og viktig møte
Som svar på initiativet frå Hørselsforbundet inviterte Dovre kommune til eit møte 28. november. Her fekk kommunens representantar frå drift, kommunikasjon og helse og omsorg gode innspel til kva kommunale publikumslokale det er viktig å prioritere. Vi diskuterte òg behovet for auka kunnskap om teknologien, både hjå offentlege og private aktørar i kommunen.
Frå kommunen si side takka vi Hørselsforbundet for å setja teleslynge på dagsorden. Forbundet sin kunnskap er svært nyttig for kommunen i arbeidet med universell utforming av publikumsretta, kommunale lokale i Dovre.
Ikkje i mål, men i gang
Med gode råd frå Hørselsforbundet, jobbar kommunen med å utbetre teleslynga på kommunestyresalen. Denne har ikkje fungert skikkeleg, og vi er ikkje i mål. I møtet kom det viktige innspel til andre lokale som bør prioriterast. Kommunen ser fram til vidare samarbeid med Hørselsforbundet.
Meir informasjon?
Hørselsforbundet Lesja og Dovre jobbar for deg med nedsett hørsel. Du finn meir informasjon her.
Du kan òg følgje Hørselsforbundet Lesja Dovre si side på Friskus-kalenderen for Dovre. Her legg dei ut aktivitetar.