Ny samfunnsplan i Dovre – har du sendt inn dine innspel?

Samfunnsplanen viser korleis vi vil at lokalsamfunnet vårt skal vera i framtida. Fram til 24. april kan du si di meining før kommunestyret skal vedta planen! 

Canva.com

Gå gjerne saman om innspel til samfunnsplanen 

Vi vil gjerne ha så mange innspel som mogleg frå innbyggarar, frivilligheita og næringslivet i Dovre! 

Det er ingen spesielle krav til kva eller korleis du skriv innspelet til kommunen. Du kan t.d. setja deg ned med familie, vener, eller lag og foreiningar som du er med i, diskutere planen over ein kopp kaffe og sende innspel i lag til oss. Det kan vera ei setning eller så mykje du ynskjer. 

Samfunnsplanen finn du her.  (PDF, 678 kB) Det er dette dokumentet vi ynskjer høyringsinnspel på. 

Innspelet sender du til postmottak@dovre.kommune.no innan 24. april. 

Viss du har lyst til å organisere eit møte med andre for å diskutere samfunnsplanen og treng tips til korleis du kan gå fram, må du gjerne kontakte samfunnsutviklar Arne Furumo for ein prat. 

Utkastet til planen har fem satsingar for Dovre-samfunnet: 

  1. Trygge og levande lokalsamfunn for alle  
  2. Gode tenester – heile livet  
  3. Demokrati, styring og aktiv deltaking  
  4. Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping 
  5. Klima, natur og miljø for framtida  

For kvart satsingsområde har vi sett oss nokre mål. Strategiane viser korleis vi skal nå desse måla.  

Du kan lesa saksprotokollen frå kommunestyremøtet her.  (PDF, 187 kB)

Kontakt

Arne Furumo
Rådgiver
Mobil 901 81 442