No kan du søke om å få sletta studiegjeld
Har du studiegjeld og bur i Dovre? No kan du søke Lånekassa om å få sletta 25.000 kr i året. Du må ha budd i ein distriktskommune dei siste 12 månadane og vore yrkesaktiv i denne perioden for å kunne søke. Ordninga gjeld for dei 189 kommunane i sentralitetsklasse 5 og 6. Dovre er i sentralitetsklasse 6.
Søk Lånekassa her
Om ordninga
I denne pressemeldinga på regjeringen.no kan du lesa meir. Her står det m.a. at den nye ordninga for gjeldslette i distriktskommunar inneber at:
- du som bur i desse kommunane kan søke om å få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda kvart år.
- det er inga tidsavgrensing på kor mange år du kan få sletta utdanningsgjeld.
- gjeld frå utdanning og opplæring som er teke, på alle nivå, kan slettast (inkludert folkehøgskule, grunnskule og vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning).
- du må ha vore i jobb i minst eitt år før du søker om gjeldsslette.
- du må ha budd i ein av kommunane som er med i ordninga i minst eitt år før du søker om å få sletta utdanningsgjeld.