Kom på opent møte om arbeidet med tiltaksplan for villreinområde Snøhetta og villreinområde Rondane!

Som ein del av prosessen med å ferdigstille tiltaksplanar for Snøhetta villreinområde og for Rondane villreinområde inviterar statssekreter Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet til to opne møter.

Klima- og miljødepartementet viser til faggrunnlag for tiltaksplanane for Snøhetta villreinområde og for Rondane villreinområde som blei oversendt frå Miljødirektoratet til departementet i desember 2023. Klima- og miljødepartementet skal nå, saman med berørte departement, utarbeide forslag til tiltaksplanar som etter planen skal bli sendt på høyring mot slutten av året. Eit viktig bakteppe for den vidare prosessen med tiltaksplanane er Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein og Innstilling 374 S (2023 – 2024) frå Energi- og miljøkomiteen. Meldinga og Stortinget si behandling legg viktige føringar også for arbeidet med tiltaksplanane.

Møtet som gjeld tiltaksplan for Snøhetta villreinområde blir på Toftemo Turiststasjon, Dovre, 3.september, kl. 1800-1930.

Møtet som gjeld tiltaksplan for Rondane villreinområde blir på Otta kulturhus, Otta, 4.september, kl. 1800-1930.

 

KMD ber om påmelding, innan 30. august 2024. Påmelding skal sendast til Maline Gordner:

maline-salicath.gordner@kld.dep.no

 

Invitasjon til åpent møte om arbeidet med tiltaksplanen for Snøhetta villreinområde - korrigert (PDF, 283 kB)

Invitasjon til åpent møte om tiltaksplanen for Rondane villreinområde (PDF, 93 kB)