Kjentfolk fortel kva lokalsamfunnet betyr for deiKva betyr det å kjenne at vi høyrer til? I denne fine videoen, filma på Bokhandelen, ser du kjentfolk fortelja om kva lokalsamfunnet vårt betyr for dei. Reportasjen frå Dovre blei vist under NAPHA-konferansen om psykisk helse og berekraft 18. mars.Interesserte i arbeidet med samfunnsplanen NAPHA, som står for Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid, har òg skrive om arbeidet med samfunnsplanen i Dovre og korleis denne blei til i samarbeid med innbyggarane i kommunen. NAPHA er ei avdeling under NTNU Samfunnsforsking. Senteret er finansiert av Helsedirektoratet.Les saka her Verdien av å møtastDei som blir intervjua i filmen legg vekt på verdien av å kjenne folkene som bur rundt deg. Dette er òg noko av tanken bak Tålåst, prosjektet der Dovre og Lesja vil skape fleire møteplassar. Torsdag 26. mars arrangerer Tålåst foredrag med Noregs ambassadør til Ukraina på Dovre folkebibliotek. Det kan du lesa meir om her.