Kafe og auksjon på Dovre barneskole 14. april kl. 11.00

Elevar ved Dovre barneskole, i samarbeid med Flyktningetenesta og lag og foreiningar i Dovre, inviterer til open kafé i Moskushallen fredag 14. april kl. 11-13. 
 

Det er få parkeringsplassar, så set gjerne att bilen i sentrum og gå ned til skulen!
 

I kafeen sel elevar, flyktningar frå Ukraina og Dovre Bygdekvinnelag kaker, enkle lunsjrettar og kaffe til ein hyggeleg pris.
 

Det blir amerikansk auksjon (der du kan stikke av med gevinsten same kva du byr), og Dovre Sanitetsforening snurrar lykkehjulet. Elevar står for underhaldning og sel ting dei har laga.
 

Betaling med Vipps eller kontant. Ta gjerne med myntar!
 

Inntektene går til Redd Barna sitt arbeid for ungar i Tyrkia, Syria og Ukraina. Over 7 millionar barn er ramma av jordskjelvet i Tyrkia og Syria ifølgje FN. I Ukraina har over 17 millionar måtta forlate heimane sine, og ukrainske ungar har i gjennomsnitt vore over 900 timar i bomberom det siste året. Her i Dovre har vi fått om lag 60 nye sambygdingar frå Ukraina, som no er i gang med å finne sin plass i barnehage, skule og jobb.
 

Vi ser fram til å samle dovringar til triveleg treff 14. april. Kom og ta ein kaffe og ein matbit i Moskushallen, bli kjent med nye dovringar, og støtt ei god sak!

Plakat - kafe og auksjon