Høyring – endring av forskrift om nedsett konsesjonsgrense i Dovre

Dovre kommune sender no ut på høyring eit forslag til endring av forskrifta om nedsett konsesjonsgrense. Høyringsfrist er 25. mars 2026. 

Forslaget inneber:

  • at slektskapsunntaket blir fjerna, slik at buplikt også skal gjelde ved overtaking i nær familie
  • at buplikta blir upersonleg, slik at ho kan oppfyllast ved at bustaden blir leigd ut til nokon som bur der fast

 

Forskriftsendringa har ikkje tilbakeverkande kraft. Den vil berre gjelde overdragingar etter at forskriftsendringa trår i kraft. 

Målet er å bidra til betre utnytting av bustader som er eigna til heilårsbusetnad, og med det støtte opp under ein velfungerande bustadmarknad i Dovre.

Plan-, nærings- og utviklingsutvalet vedtok å sende forslaget på høyring 10. februar 2026. Alle kan gje innspel.

Høyringsfrist: 25. mars 2026.

Her er dokumenta i saken:

 

Innspel kan sendast til: postmottak@dovre.kommune.no  
Merk sendinga: Høyring – forskrift om nedsett konsesjonsgrense