Hels på vår prosjektleiar for Fritidsklubbløftet!

Som éin av tre pilotkommunar i det nasjonale Fritidsklubbløftet skal Dovre kommune etablere ein eigen møteplass for unge. Erik Vadet har takka ja til stillinga som prosjektleiar. No ser han fram til å koma i gang! 

Mannleg lærar som pratar med elev - Klikk for stort bildeErik Vadet blir prosjektleiar for Fritidsklubbløftet i Dovre Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde

 

Frå klasserommet til fritidsklubb

Med lang fartstid i skulen og idretten, og eit sterkt engasjement for unge i bygda, tek Erik fatt på oppgåva med å skape ein ny, kommunal fritidsklubb for unge i Dovre i samarbeid med m.a. ungdomskontakt Silje Olava Bakken og rådgjevar for kommunikasjon, kultur og idrett Anne Marte Amble. 

‎‎Eg gler meg til å koma i gang med dette viktige prosjektet saman med ungdomane og engasjerte kollegaer, seier Erik. Det er viktig at dei unge sjølv får vera med å forme møtestaden sin. 

Ut dette skuleåret vil Erik, som i dag er kontaktlærar i 7. klasse, jobbe som prosjektleiar i 20%. Frå hausten går han inn i stillinga på fulltid. 

‎Vi er veldig glade for å ha Erik med på laget, seier oppvekstsjef Ingunn Korsen. Han har god kontakt med dei unge, solid kjennskap til lag og organisasjonar i Dovre, og eit tydeleg engasjement for at unge skal bli høyrd. Dette er kvalitetar som vil gje driv og energi til prosjektet.

Om Fritidsklubbløftet

Som éin av tre pilotkommunar i det treårige, nasjonale Fritidsklubbløftet, skal Dovre etablere ein ny, kommunal fritidsklubb for og med unge i kommunen. Ungdom og Fritid er nasjonal prosjektleiar, og Hå og Asker er dei to andre kommunane. 

Pilotprosjektet hjelp oss med å realisere politiske målsettingar for ungdomssatsinga i samfunnsplanen for Dovre kommune (2025-2036). 

Følg med framover!