Hels på Dovre ungdomsråd!

Endeleg er det nye ungdomsrådet på plass! Dei vil jobbe for fleire fritidsaktivitetar og møtestader for unge i Dovre. Og mykje meir!

Gruppebilde med ungdomane i Dovre ungdomsråd og ungdomskontakt Silje Olava Bakken - Klikk for stort bildeBak frå venstre: Adrian Nicolai Myhren, Oliver Andreas Brenden, Even Rindal Hanslien, Ståle Sætrom. Framme frå venstre: Silje Olava Bakken (ungdomskontakt), Solveig Thoresen Løkken, Agnes Sletta Wigenstad, Nora Mathilde Brenden, Tuva Stokstad Opheim. Anne Marte Amble

 

Saman for ungdomen i Dovre

Det nye ungdomsrådet er godt i gang med arbeidet for alle barn og unge. Dei har allereie gjeve viktige bidrag inn i den nye samfunnsplanen for Dovre, hatt møte med ordføraren og halde tale på 1. mai.  

“Vi vil jobbe for at meiningane til ungdom i Dovre skal bli ein naturleg del av politikken og utviklinga i kommunen”, sa leiar Agnes Sletta Wigenstad og Solveig Thoresen Løkken da dei heldt tale frå ungdomsrådet i Minneparken 1. mai. “Det er kanskje lett å tenkje at ungdom ikkje bryr seg om politikk – men det gjer vi. Vi treng berre å bli gitt rom – og vi treng vaksne som trur på oss og som vil lytte.” 

I samarbeid med den nye ungdomskontakten Silje Olava Bakken har ungdomsrådet mykje dei har lyst til å gjera. Aller fyrst skal dei arrangere sommarfest! 

Kontakt

Silje Olava Bakken
Ungdomskontakt
Mobil 994 07 707