Har du vorte norsk statsborgar det siste året - bli med på feiringa!

Alle som har fått norsk statsborgarskap mellom august 2024 og august 2025 har fått invitasjon av Statsforvaltaren i Innlandet til høgtideleg feiring på Lillehammer eller i Elverum.

Statsforvalteren i Innlandet arrangerer høgtideleg fest for alle dykk som vart nye statsborgarar det siste året. Er du ein av dei skal du ha fått ein digital invitasjon. Statsforvaltaren i Innlandet håpar at du melder deg på den høgtidelege festen som finn stad på Lillehammer eller i Elverum. Det blir talar, musikk, god mat, og utdeling av rose og Statsforvalterens eigen bok om Innlandet. Her kan du lese meir om Statsborgarseremonien og melde deg på. Påmeldingsfristen er 18. oktober.  

Les også: 1494 nye statsborgarar invitert til seremoni | Statsforvaltaren i Innlandet