Din eld - ditt ansvar.

Vi er inne i ein periode med auka skogbrannfare i store delar av Innlandet. Brannsjefane i Innlandet minner om at det generelle bålforbodet betyr at det er forbode med bruk av open eld i eller nær skog og utmark. Brannsjefane oppfordrar òg alle om å vera forsiktige i hagar eller innmark.

Det er ditt ansvar 

Det er den som gjer opp eld som har ansvaret viss det begynner å brenne. Denne plikten til å gjera gode vurderingar gjeld uansett kvar du befinn deg, også på eigen eigedom. Viss du er usikker på om det er trygt, skal du ikkje gjera opp eld.

Ring 110

Brannvesenet treng di hjelp. Ser du at det ryk eller brenn utan at brannvesenet er på staden, skal du ikkje nøle med å ringe 110.