Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde
Endeleg klar i lettleseleg versjon
No er samfunnsplanen klar i ein lettleseleg versjon med mange fine bilde av folk og stader i kommunen vår.
Du kan lesa samfunnsplanen her. (PDF, 2 MB)
Fem satsingar
I samfunnsplanen har vi peikt ut fem satsingar for Dovre-samfunnet framover:
- Trygge og levande lokalsamfunn for alle
- Gode tenester – heile livet
- Demokrati, styring og aktiv deltaking
- Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping
- Klima, natur og miljø for framtida
Takk til alle som har bidratt!
Takk til alle som har bidratt med gode innspel i folkemøta på Dovreskogen, Dovre, Dombås og Hjerkinn. Takk også til alle som har levert høyringsinnspel.
Og takk til Trollbinde for hjelp med den grafiske profilen og layout.