Bokslepp og folkemøte om villrein laurdag 6.mai

Det blir både bokfest for romanen til Guri Sørumsgård Botheim, Høgfjellsmeldinga og ope folkemøte om villrein.

Laurdag 6. mai blir det mykje program på Lesja bygdemuseum, med mange bidragsytarar frå Dovre og Lesja

Laurdag 6. mai kl. 12, Tunstugu, Lesja bygdemuseum. Gratis inngang

Bokslepp: Høgfjellsmeldinga

Kl. 12.00–13.30: Vi feirar romanen Høgfjellsmeldinga av Guri Sørumgård Botheim.

PROGRAM

-Martine Haugen og Sigurd Brørs framfører songen «Fjell og vilje».

-Kjersti Instefjord, redaktør i Forlaget Oktober, seier nokre ord om Høgfjellsmeldinga.

-Knut Aastad Bråten samtaler med Guri Sørumgård Botheim om romanen og skriveprosessen.

-Musikalsk innslag ved Dovrefjell Disharmoniske Selskab.

Arrangørar: Forlaget Oktober, Lesja og Dovre dialekt- og mållag og Gudbrandsdalsmusea

Kl. 13.30–15.00: 

-Kaffedrikking. Boksalg og signering.

-Utstillingane er opne:

Villreinjegarane kjem - Gudbrandsdalsmusea

Heitkøtter - Eit liv i norsk natur - Gudbrandsdalsmusea

Laurdag 6. mai kl. 15–17, Tunstugu, Lesja bygdemuseum. Gratis inngang

Ope folkemøte om villrein

Kl. 15: Velkomen til eit triveleg folkemøte med villreinfagleg oppdatering og diskusjon!

PROGRAM

-Knut Aastad Bråten spelar langeleik.

-Innleiing ved Hans Erik Wold, leiar i Bevar Dovrefjell Mellom Istidene.

-Dagleg leiar i Lesja fjellstyre, Elise Lyftingsmo oppdaterer oss på utfordringane for villreinen i Lesja.

-Camilla Coldevin frå Nordveggen fortel om «Villreinarven» og formålet med prosjektet.

-God tid til innspel og diskusjon.

Arrangør: Bevar Dovrefjell Mellom Istidene i samarbeid med Lesja fjellstyre og Villreinarven.

 

Bakgrunn for folkemøtet:

I 2021 kom villreinen på Artsdatabankens raudliste. Nesten all den gjenlevande europeiske villreinen held til i sørnorske fjellområde. Noreg har difor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på arten. Regjeringa har vedteke at det skal lagast ei stortingsmelding om villreinen. Kva skal til for at arten overlever?