Skolereglar i grunnskolen

Skolereglane for grunnskolen i Dovre vart vedteke som lokal forskrift av kommunestyret i Dovre 17. februar 2025. 

Heimel 

Fastsett av Dovre kommunestyre 17.02.2025 med heimel i lov 9. juni 2023 nr 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) §10-7.
 

Kommunen og fylkeskommunen gjev forskrift om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og åtferd (skolereglar). Kommunen og fylkeskommunen kan i slike skolereglar angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og korleis slike sakar skal behandlast.


§1. Hovudregel

I grunnskolane i Dovre blir alle elevar møtt med varme, omsorg, respekt og kompetanse. Det grunnleggjande omsynet er barnets beste. Skolereglane skal vera med på å skape eit godt samspel både mellom elevar og mellom elevar og alle skolen sine tilsette og føresette. Skolereglane byggjer på FN sin barnekonvensjon.


Eit trygt og godt skolemiljø er avhengig av at alle får moglegheiter til, og aktivt deltek i, å skape eit godt skolemiljø.


§2. Skolereglane gjeld for alle

Skolereglane er felles og gjeld for begge grunnskolane i Dovre kommune. Skolereglane gjeld for alle aktivitetar skolen har ansvar for, enten dei skjer på skolen eller utanfor skolen, i skoletida eller utanfor skoletida.

Skolereglane gjeld og på skolevegen og i skolen sine digitale flater.

Den enkelte skole skal i tillegg lage trivselsreglar tilpassa denne skolen sine behov, som er i tråd med kommunen sin forskrift. Lokale reglar utarbeidast i samarbeid mellom tilsette og elevar, og presenterast for FAU som kan kome med innspel. Det er rektor som endeleg vedtek dei lokale reglane etter at alle er teke med på råd. Trivselsreglane ved den enkelte skole treng ikkje å reviderast årleg, men kan endrast ved behov. Ved starten på skoleåret skal skolen passe på at elevar, føresette og alle skolen sine tilsette er kjent med både felles og lokale reglar.

§3. Generell regel om medverking og barns beste

Skolen skal ivareta eleven sin rett til å bli høyrt i alle høve som angår eleven. Elevane har rett til å medverke i alt som gjeld dei sjølve og meiningane deira skal tilleggjast vekt etter alder og modnad, uansett funksjonsgrad. I alle handlingar som handsamast etter dette reglementet, skal omsynet til elevens beste vera eit grunnleggjande omsyn.

§4. Som elev i skolen har du rett til

  • å bli møtt av trygge vaksenpersonar, som du kan prate med om det som opptek deg.
  • å få vera ein del av skolen sitt fellesskap fagleg og sosialt
  • å møte vaksne som ser og hjelp deg når du har behov for det
  • å få utvikla deg som menneske saman med andre, og lære å handtere både motgang og medgang.
  • å delta i skoledemokratiet og å få vera med å påverke skolekvardagen din.
     

Som elev i skolen skal du ikkje oppleve å bli plaga eller heldt utanfor, og skal derfor heller ikkje utøve handlingar mot andre slik at andre opplev dette.


§5. Dine pliktar som elev (orden og åtferd)

Åtferd

Som elev i skolen er du ein viktig person som

  • bidreg til at andre trivast på skolen og er ein del av fellesskapet
    gjer ditt beste for å delta aktivt i undervisninga, lære så mykje som mogleg og at arbeid som leverast er ditt eiga
  • seier frå til ein vaksen om du ser at nokon blir plaga eller plager andre
  • møter vaksne og medelevar med venlegheit og respekt
  • viser digital dømmekraft og nettvett, respekterer personvern og opphavsrett, og rettar deg etter digitalt reglement for skolane i Dovre kommune
  • følg skolereglane og andre nasjonale lovar og reglar, og dermed ikkje har med eller bruker rusmiddel, snus, tobakk, e-sigarettar eller farlege gjenstandar i skoletida.
  • ikkje har med søtsaker, brus og energidrikkar
  • retter deg etter tilvisingar etter pålegg frå rektor, lærarar eller andre som arbeider ved skolen

Orden

Å ha god orden handlar om 

  • å vera til stades når timen byrjar
  • å levere oppgåver til avtalt tid

 

For å få mest mogleg ut av skoledagen, må 

  • du ha med deg nødvendig utstyr, bøker eller andre ting som læraren har gjeve beskjed om
  • alle gjere sitt for å halde det reint, ryddig og triveleg på skolen sitt område.
     

Kvar enkelt elev vil få ein vurdering av både orden og åtferd. I denne vurderinga skal det takast omsyn til både læringsmiljøet på skolen, og den enkelte elev sine eigne forutsetningar.

§6. Bruk av privat digitalt utstyr

Privat digitalt utstyr inkluderer blant anna mobiltelefon og smartklokke. Skolane eller kommunen kan ikkje bestemme at elevane ikkje får ha med seg privat utstyr på skolen, men skolereglane kan regulere bruk av privat digitalt utstyr på skolen.

Bruk av mobiltelefonar, smartklokker, private trådlause øyrepropper/headset og evt andre digitale einingar i tråd med utvikling i undervisning og i friminutt er ikkje tillate i skolen. Desse leggjast i mobilhotellet i skoletida.  Skolen kan i særskilte tilfelle gje anledning til bruk av privat utstyr når dette er hensiktsmessig for opplæringa.

Elevar med behov for tilrettelegging knytt til utfordringar som for eksempel med helse, sosial samhandling eller læring, kan etter avtale med skolen likevel bruke privat utstyr i skoletida når det er nødvendig for å ivareta desse behova.

§7 Plagiat og juks

Direkte avskrift eller lettare omskrivingar av andre sine tekstar utan kjeldetilvising, presentert som eleven sin eigen tekst, er plagiat. Dette gjeld og tekst som heilt eller delvis er produsert av kunstig intelligens/språkmodellar eller tilsvarande teknologi, dersom oppgåva er meint å vera din eigen tekst.

Bruk av ulovlege hjelpemiddel, samarbeid eller kommunikasjon med andre utan lov, og å presentere andre sitt arbeid som sitt eiga reknast for å vera juks.

§8. Kva skjer dersom skolereglane ikkje følgast

Når reglane brytast skal alle elevar oppleve at dei vaksne møter dei med forståing for årsaker som kan ligge bak at eleven har brote reglane, men likevel med tydeleg grensesetjing.

Skolen og eleven, og eventuelt føresette, skal saman legge ein plan for å hindre at det skjer på nytt. Dersom informasjonen om det som har skjedd må delast med andre vaksne, skal eleven fyrst få veta kva som delast og kvifor det blir fortalt vidare.

Dersom skolereglane brytast og ein reaksjon er nødvendig, gjeld følgande reglar:

  1. Skolen skal sørge for at eleven får prate med nokon hen stolar på og i ein situasjon som opplevast trygg. Eleven skal alltid ha fått moglegheit til å forklare seg for den som skal ta avgjersla og kan ha med ein støtteperson (ein annan elev eller ein annan vaksen) i møte med skolen. Skolen skal alltid vera merksam på og kartlegge underliggande årsaker slik at riktige tiltak kan setjast inn.
  2. Brot på skolereglane skal dokumenterast. Karakterane i orden og åtferd på ungdomsskolen kan som hovudregel setjast ned ved gjentekne brot på ein eller fleire reglar i skolereglane eller den enkelte skole sitt trivselsreglement. Karakteren kan setjast ned ved spesielt grove brot på reglementet sjølv om det er prat om ei enkelthending. Fråvær kan føre til nedsett karakter i orden eller åtferd. Årsaka til fråværet avgjer om det påverkar vurderinga i orden eller åtferd.
  3. Skolen kan ta inn privat digitalt utstyr dersom dei brukast i skoletida. Desse kan då oppbevarast resten av skoledagen og gis tilbake når skoledagen er slutt. Dette gjeld og gjenstandar som til dømes kan brukast som våpen. Ulovlege gjenstandar leverast til politiet.
  4. Juks og plagiat: Elevar som plagierer eller juksar etter §7 risikerer å ikkje få arbeidet sitt vurdert. Foreldre kan varslast etter samtale med eleven sjølv. Slike hendingar blir vidare fylgt opp i dialogen mellom skole og heim. Skolen skal ta omsyn til om eleven har juksa med vilje eller ikkje. Tvilen skal kome eleven til gode, og eleven skal få moglegheit til å rette på arbeidet sitt og få vurdering. Elevar på ungdomstrinnet som plagierer eller juksar etter §7 står i fare for å ikkje få vurdering (IV) på det aktuelle arbeidet, og for å få nedsett karakter i åtferd. For plagiat og juks på eksamen gjeld eigne reglar.
  5. Rektor fattar enkeltvedtak om bortvising. Etter at barnets beste er vurdert, eleven er høyrt og skolen har forsøkt tiltak for å inkludere eleven i fellesskapet, kan rektor fatte vedtak om bortvising eller bruke andre hjelpetiltak som vurderast som betre. Elevar kan ikkje bortvisast om mindre inngripande tiltak er tilstrekkeleg. Bortvisinga må vera av så kort varigheit som mogleg. Skolen skal bidra til inkluderande tiltak i etterkant dersom bortvising er iverksett.
  6. Føresette skal varslast før eleven blir vist bort enkelttimar eller resten av dagen på 1.-7. trinn, og i tillegg før bortvising for heile dagar på 8.-10. trinn.
  7. Rektor skal sørgje for skriftleg dokumentasjon i sakar som omhandlar alvorlege brot på skolereglane og som eventuelt kan føre til politimelding. 
  8. Dersom det føreligg mistanke om straffbare forhold, skal skolen be om bistand frå politiet til å gjennomføre kontroll eller andre tiltak. Skolen skal så langt det er mogleg varsle eleven sine føresette munnleg samtidig. Føresette skal varslast skriftleg om at det er søkt bistand frå politiet.
  9. Skolen vil normalt melde straffbare forhold til politiet. Skolen skal foreta ei konkret vurdering av om melding er hensiktsmessig ut frå eleven sin alder og forutsetningar og gjere ei vurdering av om ei melding vil vera hjelpsamt for eleven sin framtidige deltaking i skolemiljøet. Dersom den fornærma er ein elev, kan både eleven/føresette og skolen melde forholdet. Grov vald og alvorlege truslar skal som hovudregel meldast frå skolen si side.
  10. Elevar som har øydelagt noko som er andre sitt eller skolen sitt, kan bli bede om å ordne opp eller bli bede om å erstatte det som er blitt øydelagt.
    Vurderinga av og eventuelt enkeltvedtak om tvungent skolebytte kan gjerast av skoleeigar og dette kan ikkje delegerast til den enkelte skole. Dette er ein svært inngripande reaksjonsform som berre skal nyttast når alle andre tiltak er forsøkt. I alvorlege tilfelle av mobbing, som ikkje let seg handtere ved bruk av andre verktøy enn byte av skole, er det den som mobbar som i hovudsak skal vera nøydt til å byte skole.

§9. Skoledemokrati

Skolen skal ha elevråd og foreldreråd jf. Opplæringslova §10-4. Elevane og foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Dette må i så tilfelle fastsetjast i den enkelte skole sine eigne trivselsreglar, og det forutsett medverking frå elevar og foreldre si side.
 

Det skal leggjast til rette for elevane og foreldra si deltaking i gjeldande utval og brukarorgan.


§10. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 17.02.2025 og erstattar ordensreglementet for elevar i grunnskolen tidlegare fastsett av Dovre kommune.

Kontakt

Ingunn Korsen
Oppvekstsjef
Mobil 992 94 019