Den nye samfunnsplanen er klarKommunestyret i Dovre vedtok den nye samfunnsplan 12. mai i år. Her kan du lese planen for korleis vi vil at lokalsamfunnet vårt skal vera i framtida. Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde Endeleg klar i lettleseleg versjonNo er samfunnsplanen klar i ein lettleseleg versjon med mange fine bilde av folk og stader i kommunen vår.Du kan lesa samfunnsplanen her. (PDF, 2 MB)Fem satsingarI samfunnsplanen har vi peikt ut fem satsingar for Dovre-samfunnet framover: Trygge og levande lokalsamfunn for alle Gode tenester – heile livet Demokrati, styring og aktiv deltaking Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping Klima, natur og miljø for framtida Takk til alle som har bidratt!Takk til alle som har bidratt med gode innspel i folkemøta på Dovreskogen, Dovre, Dombås og Hjerkinn. Takk også til alle som har levert høyringsinnspel.Og takk til Trollbinde for hjelp med den grafiske profilen og layout.
Ny samfunnsplan. Samla innspel frå folkemøta. Takk til alle som har delt kunnskap og engasjert seg under folkemøta om ny samfunnsplan på Dovreskogen, Dovre, Hjerkinn og Dombås! Politikarane fekk m...
Ny samfunnsplan på høyring. Høyringsfrist 24. april. Samfunnsplanen viser korleis vi vil at lokalsamfunnet vårt skal vera i framtida. Kva skal vi satse på? Kva mål har vi for Dovre-samfunnet? Og korleis ...
Ungdomen bidreg til samfunnsplanen I arbeidet med den nye samfunnsplanen er det viktig å få inn ungdomen si stemme. 18. februar møtte elevrådet på Dovre ungdomsskule to av politikarane ...
Stort engasjement på Skogvang Måndag 14. januar var politikarar og folk på Dovreskogen samla på Skogvang grendahus for å diskutere ny samfunnsplan i Dovre. Engasjementet frå dei so...
Vi lagar ny samfunnsplan for heile Dovre Arbeidet med å lage ein ny samfunnsplan for Dovre fram mot 2035 er godt i gang. Her kan du lesa om kva som er gjort så langt, og korleis du kan delta!