Realistisk planlegging og berekraftig samfunnsutvikling
Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging legg vekt på at små distriktskommunar som Dovre må planlegge realistisk og heilskapleg for å møte framtidige utfordringar. Dette betyr at vi må prioritere berekraftige løysingar som tek
omsyn til avgrensa ressursar og lokale behov.
Gjennom realistisk planlegging skal vi sikre eit trygt, tilgjengeleg og levande lokalsamfunn og levere gode tenester, samtidig som vi tilpassar oss eit klima i endring. Dette skal vi gjera i samarbeid innbyggarane, næringslivet og frivilligheita.
I Dovre kommune legg vi FNs berekraftsmål til grunn for all samfunnsutvikling. Dette betyr at vi skal sjå miljømessige, økonomiske og sosiale omsyn i samanheng når vi planlegg og gjennomfører tiltak.
Slik sikrar vi ei heilskapleg og langsiktig utvikling som kjem både nåverande og framtidige generasjonar til gode.
I samfunnsplanen legg vi spesielt vekt på desse berekraftsmåla:
- 3: God helse og livskvalitet
- 4: God utdanning
- 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn
- 13: Stoppe klimaendringane
- 15: Livet på land
- 17: Samarbeid for å nå måla