Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2036

Kven vi er og kva vi set pris på

Glade damer på bingo - Klikk for stort bilde Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde

Vi har mykje å vera stolte av i Dovre. Berre sjå rundt deg! Det er lett å få auga på kvalitetar det er viktig at vi bygger vidare på og som vi kan bli enda flinkare til å løfte fram.

Dovre er:

  • Ei raus fjellbygd med høg himmel og plass til alle. Frå stødige og mytiske fjell har vi blikket retta mot omverda og framtida. 
  • Ope for nye idear og innbyggarar. 
  • Tett kopla på verda. Knutepunkt du kan reise klimasmart til og frå med Dovrebanen og Raumabanen. 
  • Aktive ungar og vaksne som bryr seg. Trygge barnehagar der alle får plass, god skule. Ungdom som blir teke på alvor. 
  • Driftige innbyggarar som løftar lokalsamfunnet saman. Aktive og inkluderande lag og foreiningar. 
  • Eldre med ein kvardag rik på samvær og aktivitet. God omsorg når du treng det. 
  • Eit framtidsretta næringsliv som tilbyr gode og trygge arbeidsplassar med eit landbruk som dyrkar jorda og gjev oss maten. Tek i mot gjestar. Deler kunnskapen om fjellet. Gjev handverkstradisjonar og matkultur vidare til nye generasjonar. Bedrifter som byggar og held ved like veg og bane. 
  • Rike naturopplevingar rett utanfor døra for liten og stor. Nærturar og totusenmeterstoppar. Frisk luft, reint vatn, mjuk mose og snøsikre vintrar. Vi er stolte over å føre vidare ein mange tusen år lang tradisjon med fangst på villrein og ved å forvalte villreinen og villreinfjellet på ein berekraftig måte. 

 

Samfunnsplanen skal hjelpe oss med å ta vare på desse gode kvalitetane ved bygda vår.