Korleis er samfunnsplanen bygd opp?
Maria Kampesæter Kleiven/Trollbinde
Samfunnsplanen du no les er delt inn i fem satsingsområde. Under kvart satsingsområde er det fleire mål og strategiar for korleis vi skal nå måla.
Dei fem satsingsområda er:
- Trygge og levande lokalsamfunn for alle
- Gode tenester – heile livet
- Demokrati, styring og aktiv deltaking
- Næringsutvikling og natur- og kulturbasert verdiskaping
- Klima, natur og miljø for framtida
Til slutt i samfunnsplanen kjem arealstrategien. Her legg vi rammene for korleis vi skal bruke areala i Dovre.
I det vidare arbeidet med å setja desse måla ut i livet, skal samfunnsplanen legge føringar for politikarane og administrasjonen sitt årlege budsjett- og økonomiplanarbeid. Her skal vi òg vurdere kva for planar vi treng for å følge opp prioriteringane i samfunnsplanen.