Kommuneplanens samfunnsdel 2025-2036

5. Klima, natur og miljø for framtida

5.1    Vi skal kutte utslepp, redusere forbruket, gjenbruka meir og handtere avfall betre.

For å nå dette målet vil vi:

  1. Få på plass klimabudsjett og klimarekneskap for Dovre og bygge opp eit sterkare fagmiljø innan klima, natur og miljø i kommunen.
  2. Prioritere arbeidet med ein klimaplan med konkrete mål og ein handlingsplan for korleis vi kan redusere utslepp og ruste oss for eit klima i endring.
  3. Organisere årlege ryddedagar i kommunen og oppmuntre innbyggarane til klimavennleg innsats i det daglege.
  4. Jobbe saman med NGR for å endre opningstidene på Jora Miljøstasjon og gjere det enklare å levere avfall, slik at vi unngår private fyllingar.
  5. Fase ut fossile biler i den kommunale bilparken.
  6. Jobbe saman med dei andre kommunane i Gudbrandsdalen om viktige samferdselsprosjekt som vil redusere utsleppa av klimagassar, m.a. høghastigheitstog og lengre strekningar med dobbeltspor på Dovrebanen, meir gods frå veg til bane og ny E6 gjennom Gudbrandsdalen.
  7. Følgje opp Gudbrandsdalstinget sin handlingsplan for berekraftig utvikling, som er vedtatt i alle 12 kommunane i Gudbrandsdalen.
  8. Jobbe for å miljøsertifisere alle tenesteområda i Dovre kommune.

 

5.2    Vi skal ivareta det spesielle ansvaret vi har for å forvalte nasjonalparkar, sårbar natur og den særeigne floraen og faunaen i Dovre.

For å nå dette målet vil vi:

  1. Få på plass ein statleg kompensasjonsordning for kommunar som vernar store delar av sitt område på vegne av fellesskapet.
  2. Jobbe saman med nasjonale og regionale myndigheiter for å redusere omfanget av «villcamping» for å beskytte sårbar natur og legge til rette for fleire besøkande til reiselivsbedriftene våre.
  3. Jobbe for å få på plass rettferdige og gode ordningar som sikrar at bidrag frå besøkande kjem innbyggarane, frivilligheita og næringslivet til gode og at dei er med på å utvikle Dovre som reiselivsdestinasjon.

 

5.3    Vi skal ta vare på naturmangfaldet gjennom heilskapleg arealplanlegging.

For å nå dette målet vil vi:

  1. Tilpasse oss til eit klima i endring m.a. gjennom god handtering av overflatevatn, redusere avrenning og fare for erosjon. Vi skal unngå inngrep  som reduserer naturens eiga motstandsdyktigheit mot klimaendringar.
  2. Gjere grundige kartleggingar og vurderingar av naturmangfald og artsmangfald og vurdere moglege miljøpåverknader av planlagde tiltak og prosjekt før dei blir sett i gang.
  3. Vi skal prioritere bevaring av villreinens kritiske leveområde og trekkveier i vår arealplanlegging. Dette inneberer å beskytte viktige beiteområde og sikre at utbygging og anna menneskeleg aktivitet ikkje forstyrrar villreinen.

 

5.4    Vi vil ha meir lokalt forankra forvalting av verna områder i kommunen, samtidig som vi sikrar villreinens leveområde gjennom tilpassa ferdselsreguleringar i kritiske periodar.

For å nå dette målet vil vi:

  1. Arbeide for å styrke og vidareutvikle det sterke fagmiljøet innan naturforvalting på Hjerkinn. Vi skal legge til rette for eit tettare samarbeid mellom dette forvaltningsknutepunktet og resten av Dovresamfunnet.
  2. Jobbe for eit tett samarbeid med lokale, nasjonale og regionale myndigheiter for å forhindre ytterlegare negativ utvikling og naturtap i fjellet og legge til rette for kanalisering av ferdsel i randsona.
  3. Forvalting av verna område må vera lokalt forankra, forståeleg og ikkje meir omfattande enn det som krevst.  

 

Person på fjelltur  - Klikk for stort bilde Nasjonalparkriket