3. Demokrati, styring og aktiv deltaking
3.1 Vi skal styrke lokaldemokratiet og det lokale sjølvstyret og få fleire til å ta del i samfunnsliv og samfunnsutvikling. Kommunestyret skal styre samfunnsutviklinga i Dovre.
For å nå dette målet vil vi:
Styrke politikarane si rolle i samfunnsutviklinga. Kommunestyret skal vedta ein overordna samfunnsplan i løpet av det første året i valperioden. Satsingane i samfunnsplanen skal følgjast opp i handlings- og økonomiplanen og i budsjettarbeidet kvart år. Samfunnsplanen skal ha ein arealstrategi. Denne skal ligge til grunn for planlegginga av arealbruken i kommunen.
Jobbe kontinuerleg for å få til eit godt samspel mellom politikk og administrasjon og legge til rette for meir og betre samhandling i politiske saker.
3.2 Vi skal utvikle Dovresamfunnet saman, og dei unge skal vera med å skape den kvardagen og framtida dei ynskjer i Dovre.
For å nå dette målet vil vi:
- Styrke Ungdomsrådet og gjere det meir attraktivt for barn og unge å engasjere seg i samfunnet.
- Sørge for god medverknad i politiske prosessar og kommunal planlegging. Dovre Ungdomsråd og Fellesråd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldreråd (FER) skal involverast til riktig tid for å sikre at medverknaden blir reell.
- Etablere grendeutval i heile kommunen, slik at innbyggarane kan vera med å utvikle Dovre-samfunnet også mellom kommunevala.
3.3 Vi skal ha god kommunikasjon med innbyggarane, og vi skal styrke Dovre kommune sitt omdømme.
For å nå dette målet vil vi:
- Bruke eit klart og forståeleg språk som gjer det lettare for alle å delta i samfunnet. Vi skal sørge for at nettsidene til Dovre kommune er brukarvenlege, informative og oppdaterte. Vi skal bruke kommunikasjonskanalar som sikrar at vi når ut til innbyggarar på tvers av alder og digital ferdigheit.
- Legge til rette for meir og betre innbyggardialog, også i form av fysiske møte mellom politikarar, administrasjon og innbyggarar.
- Profilere Dovre på ein målretta og heilskapleg måte. Vi skal syne fram det gode livet Dovre byr på, anten du vil bu her eller besøke oss.
- Vedlikehalde og styrke bandet til utflytta dovringar. Vi skal bygge nettverk og skape møteplassar for heimflytting og tilflytting og bruke desse nettverka når vi skal rekruttere arbeidskraft til Dovre.
3.4 Vi skal vera ein ressurssmart kommune som tør å tenke nytt for å utvikle betre tenester og forenkle plan-
leggingsprosessar og saksbehandling.
For å nå dette målet vil vi:
- Spele ei aktiv rolle i regionale og nasjonale digitaliseringssamarbeid og vurdere bruken av ny teknologi, som t.d. kunstig intelligens når det er til det beste for innbyggarane i Dovre.
- Kommunen skal vere ein arbeidsgjevar som tek godt vare på dei tilsette.
- Vurdere ny kommunestruktur for framtida.
Dovre ungdomsråd med sekretær 2025
Dovre kommune