Tålåst! Bu- og blilyst i Dovre og LesjaEr du ny i Dovre og Lesja? Eller har du budd her lenge, men ynskjer å treffe nye folk? Lære noko nytt? Har du kome hit nyleg eller for fleire år sidan, og merkar at det framleis er mykje du lurer på? I det felles bu- og blilystprosjektet Tålåst vil Dovre og Lesja kommune skape nye møteplassar og styrka fellesskap i bygdene våre. Vi som jobbar med prosjektet er (frå venstre): Sonja Gitte Mathisen, Kari Anette Austvik, Arne Christian Mæhlum, Arne Furumo, Sigurd Alme, Anne Marte Amble. Anne Cathrine Enstad var ikkje til stades da bildet vart teke.Treffe kvarandreTanken er enkel: Dovre og Lesja er to tett samanvovne kommunar, der folk kryssar kommunegrensa dagleg for å reise på jobb eller fotballtrening eller besøk. Med treårig støtte frå Innlandet fylkeskommune skal vi no gjera det enda enklare å få med seg kva som skjer i bygdene våre ved at både Dovre og Lesja tek i bruk aktivitetskalenderen Friskus. MøteplassarVi skal òg skape fleire trivelege møteplassar der både nye og gamle innbyggarar kan treffe kvarandre. Slik vil vi gjera det enklare å finne seg til rette for deg som er ny. Og kanskje blir det enda betre å bu her for deg som har vore her lengre? Med nye venskap og kontaktar bind vi bygdene våre saman. Følg med på sida vår i aktivitetskalenderen framover - vi gler oss. Oss tålåst!
No kan du få informasjon rett i lomma om kva som skjer både i Dovre og Lesja Har du lasta ned kommune-appen vår? No har Lesja fått seg Friskus, òg, så du kan følgje med på kva som skjer i båe kommunane. Viss du følgjer Dovre i ...
Friskus! Nå kommer både Dovre og Lesja i aktivitetskalenderen Friskus er en digital aktivitetskalender som samler alt som skjer i kommunen på ett sted. Dovre har hatt den i snart to år – og nå blir også Lesja med...