Informasjon frå landbrukskontoret – januar 2017

 

  • Vi minner om søknadsfristen for produksjons- og avløysartilskott den 20.1.  Dette er siste omgangen med det gamle systemet for søknad.  Denne omgangen kan det søkjast om tilskott til dyr (herunder bevaringsverdige husdyrraser) og avløysartilskott.  Det er grunn til å minne om at det er viktig å vera svært nøye med utfylling av søknaden!

  • Neste runde med produksjonstilskott blir det mykje nytt både for den som skal søke på tilskott og for oss som skal forvalte tilskottsordningane.  Det kjem til å koma meir informasjon om nyordninga etterkvart som registrering/søknadsdatoane nærmar seg. Landbruksdirektoratet informerer om nyordninga her

  • Det kommunale landbrukstilskottet overlevde ikkje den vanskelege budsjettsituasjonen i år.  Det blir derfor ikkje utbetalt tilskott for ordninga i 2017.

  • Landbrukskontoret arbeider med søknader om BU-støtte til tre prosjekt i Dovre for 2017.  

  • Landbruksforvaltinga for Lesja og Dovre er på Facebook. Gjennom denne sida kjem vi til å spreie informasjon om ordningar i landbruket, landbruksrelaterte aktiviteter i kommunene og andre relevante nyhende for landbruket. Inviter gjerne venner til å like sida!   Klikk på denne lenka for å sjå sida vår på Facebook

  • Det blir truleg starta opp arbeid med nye skogbruksplanar i Dovre i 2017.  Meir informasjon om dette kjem seinare.

Snøhetta en vinterettermiddag fra løypa rundt Hjerkinnshøe 1