Høyring – utbygging av høghastigheit breiband i Nord-Gudbrandsdalen

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har lyst ut nye midlar til utbyggingsprosjekt for høghastigheit breiband i Norge. Dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen går i år igjen saman om ein felles søknad om midlar.

Regionen vår har mange område der det grunnleggjande tilbodet av breiband framleis er svært dårleg. Vi har eit stort utbyggingsbehov for å kunne sikre at innbyggjarar og næringsliv i regionen får eit tilbod som møter dagens krav til kommunikasjon og tenesteyting.

 

Sjølv om behovet er stort og det er mange område som skulle vore dekt, er det vanskeleg å få dekt alt gjennom ei søknadsrunde. Det er difor lagt til grunn ei kommunal prioritering der eitt utbyggingsområde i kvar kommune er tatt med i denne søknadsrunda. Ut frå søknadskriteria til NKOM blir område med flest husstandar som får tilbod om nytt eller forbetra breibandstilbod vekta høgst.

 

Dei aktuelle områda i denne søknadsrunda er difor foreslått slik:

 

Lesja: Strekningen Lesjaskog – Lejsaverk (301 husstandar)

Dovre: Strekning mellom Dovre og Dombås (243 husstandar)

Sel: Ottadalen, vest for Dahlemoen til Vågå grense

Skjåk: Austre del av kommunen, bygda aust for Aura/Vigstad til Lom grense (221 husstandar)

Lom: Lia, Øvergrenda og delar av Vårdalen (295 husstandar)

Vågå: Aksen Sveaholen – Skjellum – Skogbygda/Skårvangen (397 husstandar)

 

Høyringsinnspel kan sendast til

 

Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål.

 

Høyringsfristen er 26. april 2017.