Ledig stilling ved Handverksskolen på Hjerleid, Dovre

Lærar på vg1 Håndverk, design og produktutvikling, 100 % stilling
Vi søkjer etter kontaktlærar for eit nytt utdanningstilbod ved Handverksskolen på Hjerleid, Dovre. Ein vg1-klasse (12-15 elever) med oppstart 1.august 2020.

Kvalifikasjonar:
• Yrkesfaglærar i eit handverksfag eller lærar i kunst- og handverksfag,
• Gode kommunikasjonsevner, skriftleg, munnleg og digitalt
• Fagutdanna utan pedagogikk, evt. realkompetanse kan og søkje

Vi søkjer etter ein medarbeidar som:
• Kan planleggje og gjennomføre undervisning på vg1 - nivå
• Har god kunnskap i ulike handverksteknikkar, teikning og stillære
• Kan formidle kunnskapen og engasjere unge og vaksne elevar i faga
• Kan samarbeide med de andre tilsette, arbeide tverrfagleg og mot skolens felles mål
• Er fleksibel og villig til å arbeide meir i periodar
• Jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
• Kan planleggje og leggje til rette både eigen og andre sin arbeidskvardag
• Kan samarbeide med bedrifter, gjestelærarar og byggje nettverk
• Ønsker å bidra til et hyggjeleg arbeidsmiljø

Vi kan tilby:
• Dyktige kollegaer og et hyggjeleg miljø
• Interesserte elevar, både unge og vaksne
• Varierte og utfordrande oppgåver i eit inspirerande fagmiljø
• Du får delta i utviklinga av eit nytt utdanningstilbod i handverksfag

Stillinga er lønna som lærar etter ansiennitet og utdanning.

Søknadsfrist: 15.mars 2020

Handverksskolen er eigd av to ideelle organisasjonar:

Stiftelsen Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon, og drives som ein friskole, etter godkjend offentleg læreplan, med lån og stipend i Lånekassen. Handverksskolen på Hjerleid vidarefører tradisjonskunnskapen frå Noregs eldste handverksskole frå 1886. Skolen er i ein utviklingsfase, så vi søkjer ein medarbeidar som vil delta i oppbygginga av det nye fagtilbodet:

For fleire opplysningar kontakt rektor Helle Hundevadt tlf 93 28 19 30 eller helle@hjerleid.no

Handverksskolen AS ⸟ Hjerleid, 2662 Dovre ⸟ Tlf (+47) 61 24 05 51 ⸟ helle@hjerleid.no ⸟ www.hjerleid.no

Klikk for stort bilde ​​​​​​​