Lærer matematikk gjennom leik og utforsking!

 Måndag 7. oktober vart matematikkparken Oktaspace i skolegarden til Dovre skule høgtideleg opna.
Alle skolebarna, lærarane og nokre foreldre var med da rektor klipte snora. Oktaspace er utvikla av matematikarane Gerd Åsta Bones og Mike Naylor, som også var til stades. 
 

Gerd og Mike er tydelege på at matematikk ikkje først og fremst er tørre tal, men ein sentral del av livet vårt som vi kan lære om på spennande måtar. Utforsking og fysisk aktivitet er ein viktig del av det. Den ferske matematikkparken byr på nye og lovande moglegheiter for opplæringa ved Dovre skule!  

Anlegget er resultat av at gode krefter har drege i same retning. Etter at skole og skoleadministrasjon hadde søkt om - og fått - 148.000 kr gjennom (fylkeskommunale) Kriblemidlar, bidro foreldra stort i form av innsamling og dugnadsarbeid og laga eit solid fundament for figuren, som dei også monterte.

Gerd Åsta Bones og Mike Naylor står som nevnt bak utviklinga av Oktaspace. Utviklinga er finansiert gjennom FOU-midlar i tillegg til stor personleg innsats. Den vil bli marknadsført over heile landet, men da til ein pris som vil ligge langt over det Dovre kommune fekk den for.

Gerd Åsta Bones er utdanna lærar med vidareutdanning i matematikk, tidlegare tilsett ved Matematikksenteret NTNU og foredragshaldar over heile landet. Mike Naylor er professor i matematikk, matematisk kunstnar og er blitt utnevnt til Realfagshelt av kunnskapsministeren. Nå driv paret føretaket Matematikkbølgen saman.