Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har innført det nye høgdereferansesystemet NN2000

 

isolinjer_nordgudbrandsdalenPå bildet ser du endringane frå det gamle høgdereferansesystemet til det nye for Nord-Gudbrandsdalen. Klikk på bildet for å få sjå illustrasjonen større. (Kartverket)

 

Jobbar du med kart eller andre høgdebærande data? Etter at kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gjekk over til nytt høgdegrunnlag 21.10.15 vart mange høgder endra med opp i til 14 cm.

Jobben med å konvertere alle data starta i juni, og etter ein massiv innsats er vi endeleg i mål.

Bakgrunn

Eit høgdesystem er den referansen som ligg til grunn når man angjev kor mange meter over havet til dømes eit fjell er. I Norge har vi hatt same høgdesystem sidan 1954. Dette 60 år gamle systemet har betydelege manglar og svakheiter. Det er ikkje vorte korrigert i løpet av desse åra, til tross for at landet vårt hevar seg med opp til fem millimeter i året.

Kommunane i Nord-Gudbrandsdalen høyrer til den delen av Norge som har minst landheving, men endringane er likevel merkbare. Samstundes førar aukande global oppvarming til at havnivået stig, noko som og betyr at referanseflata må justeras.

Kartverket har god informasjon om dette

Nytt høgdegrunnlag frå 21. oktober

Kommunane Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Vågå og Sel har no gått over til nytt høgdegrunnlag. Dette har ført til at alle høgder hos oss har vorte justert til riktig nivå. For nokre stadar betyr dette ei endring på 14 centimeter. Alle høgdebærande data som rører ved offentlege etatar, planleggjarar, arkitektar, entreprenørar, prosjektørar og landmålarar er rekna om, og nye høgdekurvar er generert.

NN2000 erstattar NN1954

Høgdesystemet som har vore i Norge til no er normal null av 1954, forkorta til NN1954. Det nye høgdesystemet har fått namnet Normal Null 2000 (NN2000). Alle målingane i det nye systemet er korrigert til nivået i år 2000. NN2000 er eit felles nordisk system som svarar til den verkelege situasjonen. Det vil vare i mange år, utan behov for endringar.

hoydesystem_kartIllustrasjonen synar kva for forskjellar vi kan vente mellom NN1954 og NN2000 på landsbasis. Klikk på bildet for større versjon. (kartverket)

 

Ny høgdereferansemodell

For å kunne måle høgdar i NN2000 treng man en høgdereferansemodell (geoidemodell/NREF-modell). Entreprenørar, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til denne nye modellen, kan laste den ned her. (BIN, 2 MB)

I ei overgangsfase vil det finnas høgdar som refererer seg til både NN1954 og NN2000 av forskjellige grunnar. Det er derfor viktig å vera ekstra oppmerksam og vite kva for system ei aktuell høgde syner til. For å unngå misforståingar må kart, teikningar og dataleveransar merkas med kva for høgdereferanse som er nytta. Å blande høgdedata frå forskjellige system, utan å vera klar over det, kan få store konsekvensar.

 

Kontaktperson i geodatasamarbeidet er Stig Roar Mandal // srm@lom.kommune.no