Klar for Kongefestivalen 2025!

Torsdag 7. august brakar Kongefestivalen 2025 laus med ei rekke flotte kulturopplevingar i Dovre! Med fjellet som ramme byr Kongefestivalen på konsertar, teater og aktivitetar for barn og unge fram til søndag 10. august. 

Trollbinde

Fjellet bugnar av kulturopplevingar

Dei neste dagane kan du velja mellom kunstutstilling på Fokstugu, flotte konsertar på Budsjord, i Eysteinskyrkja og ridehallen på Hjerkinn fjellstue. Du kan smake på middelaldermat på Hageseter, gå naturstig på Kongsvold og guida søndagstur frå Fokstugu, og få med deg spelet om Kong Eystein i Eysteinskyrkja. 

I frisk fjelluft får du oppleva stjerneartistar og føredragshaldarar som Øyvind Gimse og Per Arne Glorvigen, Bjørn Tomren og Martine Haugen, Juni Dahr, Stein P. Aasheim, Synnøve Plassen og Bendik Quam, Sondre Moshagen Trio, Endre Skjåk som kong Eystein, og fleir. 

Sjå programmet og kjøp billettar her

 

Kongefestivalen på Friskus

Viss du lastar ned Friskus-appen, får du oversikt alle arrangementa enkelt på mobilen. Friskus er aktivitetskalenderen vår, der arrangørar legg inn sine aktivitetar. 

Her finn du alle Kongefestivalen sine arrangement på éin stad i Friskus. 

Slik lastar du ned Friskus-appen.